Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Program

For skuleklassar

Aktivitetsbasert undervisningsopplegg knytt til utvandringa til Amerika Vestnorsk utvandringssenter, ei ekte Prærielandsby flytta frå Amerika. Vi fortel om kulturmøte før og no, med utgangspunkt i den norske utvandringa til Amerika. Mellom husa i Prærielandsbyen har vi aktivitetar med utgangspunkt i kva den norske utvandrarane møtte og opplevde då dei kom for å busette seg og etablere seg i Amerika. Pil og boge, eit våpen som vart nytta til jakt både av indianarar og andre. Luftgevær som også vart nytta til jakt og til å forsvare seg mot farar og fiendar. Lasso som vart nytte til å samle kveg. Leikar kjent for born både i gamlelandet og i Amerika. Det er også høve til å kle seg opp med "amerikaklede" både for jenter og guter, og dessutan har vi flotte bakgrunnar slik at du kan ta dine eigen "Amerikabilete" og sende heim. Amerikabrev, der ein fortel om korleis ein har det, om lengt, og om gode og vonde sider ved migrasjonen kan ein også ha som aktivitet. Vi har også høve til å tenne opp i bålpanna og skape leirstemning med litt cowboymat. Vi legg også inn rom for refleksjon og trekke parallellar mellom 18-19-00-talet sin utvandring FRÅ Europa, til dagens migrasjon, både når det gjeld flyktningar TIL og Europa og arbeidsinnvandring i Europa.
Image: 
01.08.2011 - 09:59