Vestnorsk utvandringssenter

Velkomen til Vestnorsk utvandringssenter (VUS) på Sletta i Radøy kommune. Ei lita kyrkje og fleire hus er henta frå USA og bygde opp att i eit vestnorsk bygdemiljø som ein gong var utgangspunktet for mange emigrantar til Amerika. VUS er resultat av lokalt frivillig engasjement og dugnadsarbeid og blir no utvida til også å omfatte migrasjon og kulturmøte i fortid og notid i ein breiare samanheng.

Siste nytt

21.02.2012

50 000,- frå Norsk teaterråd til Amerikafeber

Vestnorsk utvandringssenter har fått tilsegn om eit tilskot på kr. 50 000,- til å setje opp sogespelet Amerikafeber av Johannes Heggland sommaren 2012 på Sletta.

21.02.2012

Kickoff: Kveld for veneforeininga 15.03 kl. 20

VUS inviterer veneforeninga til ein kveld med siste nytt frå museet, musikk og noko å bite i! Arrangementet startar etter årsmøtet i venneforeininga som byrjar kl.19. Avdelingsleiar orienterer om årsprogrammet ved VUS.

08.02.2012

Ny publikasjon i sal no!

Ei ny utgåve i skriftserien til Vestnorsk utvandringssenter er no i sal: “Pionérliv i Amerika og bygdeutvikling på Sletta”.

24.01.2012

Årsprogrammet er no klart!

Utstillingsopningar, temakveldar, familiedagar, festival, konsertar og vandringar! Det skjer på Sletta i 2012! Kryss av i kalenderen!

Besøksadresse

  • Vestnorsk utvandringssenter
  • 5939 Sletta
not
Sjå større kart

Administrasjon

  • Museumssenteret i Hordaland
  • Avd. Vestnorsk utvandringssenter
  • Salhusvegen 201
  • 5107 Salhus

Opningstider

  • 19.5-17.6: Laurdag og sundag kl.12 – 15
  • 19.6-26.08: Tysdag – fredag kl. 12 - 17
  • Laurag og sundag kl.12 – 15
  • Måndag stengd. Heile året etter avtale.

Kontortider

Prisar

  • Vaksne: kr. 55,-
  • Student: kr. 40,-
  • Born under 16 år: Gratis
  • Gruppe: kr. 50,-/pers (minimum 10 pers.)
  • Det kjem eit tillegg på kr. 700,- per gruppe for tinging utanom dei orinære opningstidene.
Vestnorsk utvandringssenter (VUS) er lokalisert på Sletta i Radøy kommune. Ei lita kyrkje og fleire hus er henta frå USA og bygde opp att i eit vestnorsk bygdemiljø som ein gong var utgangspunktet for mange emigrantar til Amerika. VUS er resultat av lokalt frivillig engasjement og dugnadsarbeid og blir no utvida til også å omfatte migrasjon og kulturmøte i fortid og notid i ein breiare samanheng. Senteret skal også spegle at Noreg er blitt innvandringsland.