Vi startar årsprogrammet på Radøystova med informasjonskveld for veneforeininga med god mat og musikk av Annlaug Børsheim.
I april har vi eit særskilt tema om fugl på vandring med opning av utstillinga “Fugleåret: Folketro og fakta“, tresnitt av Amy Lightfoot.
Sesongopning blir tradisjonen tru i mai. I år kan du bli med Asbjørn Ystebø på i guida vandring mellom Amerika-gardane på Sletta.
I juni tek vi opp tråden frå 2010 med fokus på dei reisande. Vi har invitert Finn Magnus som har vore ute på gata i Oslo og både sett og samtala med personar frå Romfolket. Resultatet er grafikkutstillinga “Folket som vandrer. De ingen vil ha“. Magnus vil fortelje om prosjektet i samband med opning av utstillinga.
Utvandringsfestivalen i sommar blir eit høgdepunkt dette året med 15-års markering av senteret. Utstillinga om 99. bataljon i den vesle lærarbustaden i emigrantlandsbyen blir nyopna under festivalen.
Neste haust har vi særleg fokus på nordmenn sine førestellingar om Amerika gjennom ei tre spennande temakveldar.
Utvandringssenterets venner inviterer dessutan til fire konsertar i Emigrantkyrkja i løpet av året. Første konserten er fredag 3. februar kl. 19 i Emigrantkyrkja.
Sjå heile programmet for 2012 her
Følg utvandringsfestivalen her
Sjå konsertprogrammet til Utvandringssenterets venner
Merk at det kan kome endringar og fleire programpostar i løpet av året.







