Havresuppe – og kanskje julekake på handarbeidstreffet 7. desember

Onsdag 7. desember er det siste handarbeidstreffet i 2011. Og det er julehandarbeidstreffet.
Denne gongen skal me spara, og kneka litt på det me har. Det er jo i jula me skal skeia ut i matvegen. Berta Vevle kokar ei passeleg sparsommeleg og mager, men velsmakande havresuppe til oss, og fortel korleis ho har laga den til.
Men i fall ein eller annan har kome godt i gang med julebaksen og tenkjer på å dela litt, så er det jo kjekt med noko til kaffien! Hugs endeleg på oppskriftene.
Elles faste postar med song og handarbeid og kanskje ei god førjulshistorie:
Vel møtt! Me starta kl 12!

Leave a Reply