Regionrådet Nordhordland IKS og Vestnorsk Utvandringssenter, Sletta, er ”søster-byar” (venskapsbyar) med byane Fergus Falls, Elizabeth, Underwood og Rothsay i Minnesota, USA. Sean Taylor, leiar i søstebykommiteen i Fergus Falls, vitja nyleg Vestnorsk utvandringssenter.
Det vart tid til både omvising og diskusjon om moglege samarbeidsprosjekt i tida som kjem. Ordførar i Radøy kommune og leiar i søstebykommiteen, Jon Askeland, var med saman med Elin Folgerø Styve, dagleg leiar i Regionrådet i Nordhordland. Etter besøket ved utvandringssenteret dro gruppa til Manger for lunsj og vidare prat om søsterbysamarbeidet. Taylor og familien bur no eitt år på sørlandet, så det vil truleg bli fleire høve til å finne fram til spennande prosjekt i løpet av 2012.
Foto: Sean Taylor (Fergus Falls), Jostein Skråmstø ( tidlegare dagleg leiar i Regionrådet og rundturguide for dagen) og Ida Dyrkorn Heierland (avdelingsleiar VUS). Alle foto: Anne Taylor.






