Ferie er kjempekjekt, men no lir det mot slutten av skuleferien. Bruk dei siste feriedagane hjå oss på Osterøy museum. Vi byr på kjekke aktivitetar for store og små barn onsdagane 3.8 og 10.8 frå kl 11 til kl 14.
Det er tid å hausta inn, så vi lagar noko godt av det vi finn ute. Så får du høve til å arbeida med hendene og laga nyttige og kanskje? unyttige ting. Og kanskje finn me på enno meir? Den som kjem, får sjå!
Dei vaksne kan nytta høve til å sjå på spennande utstillingar.







