Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Tidlegare utstillingar

28.09.2010 - 11:41

Gunnar Slettebakken - "Det er tungt for den som husker alt"

Visning: 28.2 - 08.02.2016

Utstilling av 43 oljemåleri av Gunnar Slettebakken som aldri er stilt ut tidlegare; fargesprakande fest og alvor formidla med Slettebakken sitt humoristiske og personlege blikk på verda.

Denne andre retrospektive utstillinga med målerier av Gunnar Slettebakken (5.10.1936 – 6.5.2012) på Norsk Trikotasjemuseum, syner 43 oljemalerier – dei fleste i stort format – frå åra 1993 – 2008, samt eit utval teikningar og kopi av ei skisseblokk frå 1964.

Ingen av måleria av har vore utstilt tidligare. Sjølv om Slettebakken var mest produktiv som måler dei siste tiåra av sitt liv, var han heile sitt vaksne liv aktiv med blyant, penn, oljemåling og lerret og iblant lavering eller kull.

Tittelen på utstillinga, «Det er tungt for den som husker alt», er eit sitat frå Gunnar Slettebakken. Vi finn det som russisk innskrift på fleire bilete, mellom anna på måleriet med same tittel. Det er som om han gir oss ein lapp med karakteristikken av sitt eige liv og verk.

Store format, hurtig og kraftfull handling pregar nær sagt alle Slettebakkens målerier. Den som ser på kastes inn i historia, som kan vere eksaltert og morosam og avslørande eller uanstendig på grensa til det vondskapsfulle. Idrett og folkelege festar, krig, kamp og aggresjon, tvang, og forbod er element som gjentek seg i det ytre, men speglar av i indre konfliktar i gåtefulle og kaotiske sjølvportrett.

 

 

Mens vi venter, av Randi Hosøy

Visning: 27.9 - 06.12.2015

Ei utstilling basert på Randi Hosøy sitt prosjekt med kvinner frå mottak og opplæringssentre kor ho saman med dei har utvikla broderimønstre basert på deira heimland og kulturar. 60 broderte luer stilles ut som symbol på mangfaldet og på å vente. Prosjektet bygger sterkt på metaforen å vente, og Shiruq Kajo frå Syria, som arbeider hos kvinnegruppa EMPO (Flerkulturelt ressurssenter i Kirkens Bymisjon), opna utstillinga og ho fortalte sterkt frå sine mange venteperioder. 

 

Rana Plaza Fashion

Foto av Søren Zeuth

Visning: 9. april- 20. september 2015

Om Rana Plaza og utstillinga:
Rana Plaza husa fem tekstilfabrikkar som produserte kler til globale tekstilkonsern og til vestlige motehus.  Bygningen hadde åtte etasjar, men hadde kun tillatelse til å bygge fem. Dagen før kollapsen hadde inspektørar evakuert arbeidarar sidan det var oppdaga revner i bygningskonstruksjonen. Likevel vart arbeidarane beordra og trua tilbake på jobb av fabrikkleiinga. På morgonen gjekk straumen og generatorane starta opp. Deira sterke bevegelsar fekk bygningen til å kollapse.

Søren Zeuth har tatt foto av restane etter fabrikken og snakka med tekstilarbeidarane som overlevde katastrofen.

Zeuth sitt mål er ikkje bare å peike på sorga og elende etter denne grusomme katastrofen, men å peike på kva konsekvensane blir når det er forbode, eller ein blir trua på livet, dersom ein organiserer seg i fagforeiningar i ein av verdast største industri, tekstilindustrien. Dette gjeld ikkje bare i Bangladesh, men og i andre land kor tekstilindustrien har etablert seg i dag. Han viser også at fråveret av politisk styring, lokalt og globalt, fører til umenneskelege forhold blant arbeidarane, både i tekstilindustrien og i andre industriar kor produksjonen er flytta til såkalla lågkostland.

Framtiden i våre hender leverte i februar i år ein rapport som omhandlar arbeidsforholda til arbeidarar i tekstil- og elektronikkindustrien i India, «Mind the gap»:

http://www.framtiden.no/201502236695/aktuelt/levelonn/klar-og-dupeditter-med-bismak.html

Mange av fabrikkane i rapporten produserer varer for norske kleskjeder som mellom anna Dressmann, Cubus, Bik Bok og Carlings. Rapporten viser at arbeidarane mellom anna har dårlige arbeidsforhold, låge lønningar og få rettigheter. Mange slit i tillegg med gjeld dei ikkje klarer å betale unna.

Grunna deira rapport opna Arild Hermstad, leiar av Framtiden i våre hender, utstillinga.

24. april 2015 var det på dagen to år sidan Rana Plaza kollapsa, og framleis grev etterlatte i ruinane etter spor frå sine kjære som dokumentasjon på at dei arbeidde ved fabrikken, og finn dei det, kan det vere at dei får erstatning. Men pr i dag er det lite å hente for dei som sit igjen, ingen vil påta seg ansvaret og dermed betale ut erstatningar som dei treng til medisin eller anna.

Under utstillingsopning 9.4. opna Arild Hermstad, leiar av Framtiden i våre hender, utstillinga. Søren Zeuth var tilstade, og det var musikalske innslag ved Albert og Elise.

 

Tusen fuglar
Basert på prosjektet Threads Art Project

Marie Skeie, tekstilkunstnar
Threads. 1000s of birds between us
26. oktober 2014 - 4. mars 2015

 

Tekstilkunstnar Marie Skeie sette i denne utstillinga fokus på eit svært aktuelt tema; fridom og ønskje om fred i Gaza. I Japan er fuglen eit symbol på fred. I løpet av 2014 broderte fleire hundre menneske i Gaza og Noreg sin fugl og la ved ein bodskap. Desse broderte fuglane vart ei internasjonal kunstutstilling, som vi opna i galleriet på Norsk Trikotasjemuseum søndag 26.10. 2015. Då opna vi ei utstilling som dessverre venta på dei 300 fuglane frå Gaza. Desse fuglane var innesperra i Israel, men kom til Noreg oktober 2014, og har likevel blitt ein del av prosjektet til Marie Skeie som ennå samlar inn fugler (pr 2015)

Prosjektet Threads Art Project er under prossess, og Marie Skeie har som mål å få inn 1000 fuglar frå heile verda. Når målet er fullbyrda ønskjer ho å gi utstillinga tilbake til Gaza. Det er enno mogleg å bidra, og ein kan sende broderte fuglar til Marie Skeie.

Oversikt over institusjoner som bidreg: Edwards Said Institute, Palestine Trauma Centre, Al Azhar University, Women’s Affair Technical Committee, Women’s Health centre, A.M.Qattan Foundation, Atfaluna Sociey for Deaf Children, Popular committee for Palestinian Refugees, Tamer Institute, Maan Assosiation, Apee Jay College (India). Ullsmåg skole, Garnes videregående skole, Mjølkeråen skule, Salhus skule, Ytre Åvik grendahus, Bergen Fengsel og Norsk Trikotasjemuseum.

Utstillinga er støtta av: Norsk Kulturfond; Norsk Kulturråd, Norske Kunsthandverkere og Bergen kommune.
 

5.6.-12.10.2014

Lindells mobile tekstilfabrikk

Karin Aurora Lindell, tekstilkunstnar

Symaskinopera

Med kunstutstillinga til biletkunstnar Karin Aurora Lindell (1955) ynskjer Norsk Trikotasjemuseum å setje fokus på dagens globale tekstilindustri. Lindell har lenge vore oppteken av tekstilbransjen og (anti)verdiane i den, og i denne utstillinga stiller ho spørsmål rundt globalisering, menneskeverd, arbeidsmiljø, pengar og forbrukarmakt i tekstilbransjen gjennom verka Syerske og Corps de ballet

Bakgrunnen for verket Corps de ballett er fabrikkbrannane i land som Bangladesh og Kambodsja, der tittelen viser til at dei bangladeshiske syerskene er totalt usynlege for forbrukarane, og at arbeidsplassen deira kan bli ein dødsballett. I installasjonen Syerske viser scenografien til maleria til barokkunstnaren Vermeer. Han malte fleire kvardagsscener med kvinner som arbeider stillferdig. I utstillinga til Lindell er den barokke idyllen broten; i dagens eksportmarknad av tekstilar føregår arbeidet til syerskene (kvinner og barn) i støyande, livsfarlege fabrikkar saman med hundrevis av andre arbeidarar, ikkje i heimlege interiør som hos Vermeer. 

Syerske (2007–2017) er Karin Aurora Lindells performative installasjon. I denne spelar ho sjølv hovudrolla, der ho trakterer symaskina, river remser av lerretsstoff og stryk band. Ni symaskiner, forvridde som om dei har blitt utsette for brann, er òg ein sentral del av utstillinga. Desse er lydsette av musikkteknikar Knut Olai Mjøs Helle. Lyden frå maskinene som «syr» gir publikum ei kjensle av strev og slit gjennom nålene som tråkkar i veg.

 

11.-31.05.2014

Loose Ends

Gruppeutstilling

10 studentar frå Kunst- og designhøgskolen i Bergen har sett saman ei gruppeutstilling som skal stå ut månaden. Kunstnarane har ulik bakgrunn og praksis. Det er stor variasjon mellom kva uttrykk og media dei foretrekk. Den siste veka har dei trassa ulikskapen og gått saman om å utforske rommet og arbeide saman for å finne svar på nokre av dei spørsmåla som kjem når verka vert konfrontert med kvarandre i ein ny samanheng. Kva hender når visningstaden er ein nedlagd trikotasjefabrikk med tydeleg historisk identitet og industriell fortid? Kan vi seie noko om notida ut frå det biletet som oppstår i utstillinga?

 

22.9–8.12.2013

Intrikat

Frauke Materlik

Frauke Materlik (Tyskland) si første separatutstilling i Norge. Med bidrag av forfattar Cecilie Løveid.

Foto fra Frauke Materlik sin utstilling i Salhus 2013, nedgrodd kulturlandskap

Frauke Materlik er utdanna kunstnar (MA Byam Shaw at Central Saint Martins, London, 2009), landskapsarkitekt (MA University of Greenwich, 2002) og kulturvitar (mellomfag, Universitetet i Bergen, 2000). Materlik jobbar med fotografi, installasjon og performance. Med sin nyskapande kombinasjon av material og metode undersøker ho endringar i rom og landskap. l Intrikat ser ho på korleis rommet og landskapet endrar seg når vareproduksjonen blir flytta ut av landet og industribygga vert forletne.  Materlik har stilt ut og jobba internasjonalt, til dømes i Danmark (Kunsthal Charlottenborg, BK galleri i Bredgade), England (Brighton Photo Biennial, aspex), Tyskland (Kunstverein Langenhagen, Kunstfrühling bbk Bremen), Kunstraum Vaduz, Liechtenstein og Museum Upernavik, Grønland. Materlik har tett tilknyting til Bergen og Vestlandet kor ein del av hennar prosjekt har sine utgangspunkt.

 

23.2-30.4. 2014

Malerier

Gunnar Slettebakken 

Gunnar Slettebakken (1936-2012) vaks opp i Salhus og flytta som vaksen til Gloppen kommune. Han utdanna seg til jurist, men var svært oppteken av å teikne og male. Han måla mange måleri i si levetid, og fleira av motiva er frå tida og minna hans frå Salhus. Gunnar Slettebakken gav også ut to romanar. I denne utstillinga viser vi eit stort utval av måleria hans.

 

 

 

15.5-1.9.2013


LUDU UTOPI

Øyvind Pål Farstad

Måleri

Installasjon med ein serie måleri og objekt. Installasjonen inneheld rundt 140 måleri som er plasserte på golvet slik at publikum kan bevege seg rundt dei.

 

 

 

17.3- 5.5. 2013

Eit ferdaminne

Arne og Carlos

Vandreutstilling frå Nasjonalgalleriet.

Utstillinga rettar blikket mot designprosessen: kva er ein designprosess? Korleis fungerer den kreative krafta i samspel mellom dei to designarane? Med dette perspektivet som utgangspunkt er det lagt opp til ei filmvisning produsert av Nasjonalmuseet der Arne & Carlos fortel om sin kreative prosess. Utstillinga inneheld sju tablå som er utforma med utgangspunkt i at publikum skal få innblikk i inspirasjonskjeldene til designarane.

 

Anneli Belsvik Aras. Keramikk

23.9.- 2.12. 2012

Dissonans

Anneli Belsvik Aras og Anne Mette Strømsnes

Keramikk, grafikk, teikning og foto med tematisk tilknyting til tekstilindustrien og Salhus. 

 

 

22. april- 24. mai 2012

Jacquardfortellinger

Kari Dyrdal

Digital vev, tekstil

Gul plate, Kari Dyrdal

Kari Dyrdal er professor ved Kunsthøgskulen i Bergen og har utvikla ein serie med tekstilvevde digitale tepper. Ho kallar kunstprosjektet «mønster arbeid / pattern works». Utstillinga presenterer arbeider frå dette prosjektet, eit 5 år langt forskingsprosjekt (2007-2011). «Jacquardfortellinger er en serie hvor det faktiske og det illusjonistiske trer klart fram. Jeg har et behov for klarhet, og i leting etter å tydeliggjøre, avgrenses og forstørres elementer som kan komme til å fremstå virkeligere enn livet selv», seier Kari Dyrdal sjølv om sitt prosjekt.

 

9. oktober 2011- april 2012

Og noen har laget dem, tenkte hun

Agnes Bakke Murud og Rachel E. Huglen

Kunstnarane Agnes Bakke Murud og Rachel E. Huglen har lete seg inspirere av livet og historia til fabrikken og laget kunstverk som er inspirert av Norsk Trikotasjemuseum sin tekstile identitet. Begge kunstnarane arbeider med tekstile uttrykk, og er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen.

AGNES BAKKE MURUD er utdanna tekstilkunstnar, og gjekk ut frå Kunsthøgskolen i Bergen våren 2010. Med utgangspunkt i fotografi og teikningar arbeider ho hovedsakeleg med silketrykkteknikk på tekstile materiale. I arbeidet med denne utstillinga har ho tatt utgangspunkt i den gamle fabrikken. Foto av gamle kardemaskiner og strikkemaskiner på fabrikken er blitt bearbeida på data for så å bli overførte til silketrykkrammer. Resultatet er ein serie arbeid med trykte og utbrente tekstilar. Publikum som har vore på omvisning i museet vil kunne kjenne att motiva frå stofftrykka. Agnes Bakke Murud er fødd i 1978 i Bodø, og bur no i Indre Arna.  

RACHEL E. HUGLEN har bachelor frå Kunsthøgskulen i Bergen, og går no siste året på mastergrada i kunst. «Inspirert av Norsk Trikotasjemuseums tekstile identitet presenterer eg her for publikum arbeid som på ulike måtar held seg til tekstil som materiale og kunstnarisk uttrykksmiddel. Sjølv om eg nyttar tradisjonelle teknikkar som trykk, vev og draperi, er det ikkje teknikken som er mitt høgsete, men tekstil som middel for refleksjon og forteljing.» Rachel E. Huglen er fødd i 1979 på Stord, og bur i Bergen.

 

13.2-1.5.2011

"There is no fun like work"

Vemund Tollefsen

Grafikk, maleri og bokdesign 

Vemund Tollefsen er fødd og vaksen opp i Salhus (1941-). Etter realskulen jobba han eit år i kommunen og eit år på Salhus Trikotasjefabrikk. Morfaren hans arbeidde på strikkeloftet heile livet, og mora var syerske til ho gjekk av med pensjon. Farfar og faren arbeidde med veving i Salhus Væverier. Då han arbeidde i fabrikken gjekk han på eit kveldskurs på Bergens Kunsthåndverksskole  to-tre kveldar i veka. Hausten 1960 byrja han på dagskulen, og etter tre år vart han reklameteiknar. Etter dette begynte Tollefsen på linja Bok og Bind på Statens Handverks- og Kunstindustriskole. Etter to år på SHKS tok han diplomeksamen på å utforme og illustrere Veien til verdens ende av Sigurd Hoel. Illustrasjonane gjorde han som xylografi og deltok med dei på Vestlandsutstillingen i 1966.
 
Han har vore tilsett av tre forlag; J.W.Cappelen, Fabritius Forlag/Land og Kirke og H. Aschehoug & Co som teiknar og formgjevar. Han har i hovudsak hatt undervisningslitteratur som arbeidsfelt. I 1982 blei han medlem i NBK gjennom Buskerud Bildende Kunstnere (BBK). I 1994 begynte han på kveldskurs i grafikk på Asker Kunstfagskole og tok oppatt metallgrafikk slik som etsingar og koldnålsraderingar. Lærar var Magne Vatneødegård. Maleri lærte han på Asker Kunstfagskule frå 1998 til 2010 under Per Morten Karlsen.  

 

26.september 2010- 1.februar 2011

Ensom/tosom. Kampen om kjærligheten

Astrid Loraas og Mona Pedersen mfl.

Geriljabroderi

Norsk trikotasjemuseum er så heldig å få vera den første til å vise biletteppet ”Ensom/tosom. Kampen om kjærligheten” laga av geriljabroderistane. Teppet er ca. ti meter langt, men det er meininga at verket skal vokse i løpet av utstillingsperioden. Alle er difor invitert til å brodere ein lapp til teppet for å dele sine erfaringar frå både vellykka og mislykka kjærleik. I tillegg til biletteppet, inneheld utstillinga andre arbeid som bilete og pyntegjenstandar.

Geriljabroderi ynskjer å ta broderiet ut av dei stivna hendene til okkupasjonsmakta, som her gjeld strenge handarbeidslærarar og husflidsgeneralar som mellom anna lagar småstjerner på blusekragar og batikkjolar. Dei vil løfte broderiet ut av den romantiserte ideen om den nusselege og heimlege kosen og tar difor broderiet ut i verda og bringer verda inn i broderiet. 

Om kunstnarane/geriljaleiarane: Mona Pedersen, fødd 1966. Er utdanna medievitar frå Universitetet i Oslo, og arbeider for tida med eit doktorgradsprosjekt om norsk kinohistorie og kinokultur ved Høgskolen i Hedmark. Ho har og kunstfagleg utdanning frå Oslo teikne- og maleskole, Kunstskolen i Rogaland, og kunsthistorie frå Universitetet i Bergen. Ho har og tidlegare arbeidd med kunst- og kulturformidling. Astrid Loraas, fødd 1965. Utdanning frå designskular og Høgskolen i Akershus/Oslo, faglærar i kunst og handverk. Ho arbeider som designar i eit av Noregs største mediehus. Ho har bakgrunn frå Atelier Nord kor ho arbeidde med etterutdanning for kunstnarar og rettleiing i fleire kunstprosjekt der video og internett vart brukt som plattform.

 

27.5-4.09.2011

Soft Concrete

Gruppeutstilling

Sju kunstnarar med felles bakgrunn frå tekstillinja på Kunsthøgskolen i Bergen stiller ut arbeida sine i utstillinga Soft Concrete. Gruppa jobbar med alt frå metall og plast til søm og broderi.
 
 

28.05 – 12.09 2010

Far Out Oddity

Gruppeutstilling

Seks unge kunstnarar står bak sommarutstillinga Far Out Oddity på Norsk Trikotasjemuseum i Salhus. Alle kunstnarane har ein felles bakgrunn frå tekstil på Kunsthøgskolen i Bergen, men dei har stilt kvarandre fritt i forhold til tema, materiale, uttrykksform og innhald. Det har skapt ei variert utstilling der dei ulike verka både snakkar saman og utfyllar kvarandre, men på sett og vis også er i opposisjon til kvarandre. Tittelen refererer til kunstnarlege prosessar i eit større perspektiv. Ordet «oddity» viser til noko som er besynderleg og annleis. I denne samanhengen handlar det om å skape ei anna vinkling på kvardagen, historia og samtida, og om å legge til rette for undring og engasjement. Tatoverte kvinner, slitesterke husmødrer og hjernevaska sexobjekt er berre litt av typegalleriet du møter på utstillinga. I tillegg handlar det og om ein fascinasjon for forholdet mellom kultur og natur, menneskelege band og kjensler.

Mona Høie (1987) har fokusert på 20-talets freakshow og kvinnelege tatoverte oddities. Aoi Yoshizawa (1983) er interessert i tekstil som eit medium i menneskelege relasjonar. Kan tekstil som materiale hjelpe oss å kommunisere med kvarandre? Kiyoshi Yamamoto Farias (1982) er fascinert av naturen. Med tekstil og lys vil han inne i utstillingsrommet skape ein installasjon som gir ei kjensle av å vere ute og i naturen. Tora Endestad Bjørkheim (1986) utforskar madonna/hore-komplekset med utgangpunkt i kvinna som både sexobjekt og husmor. Marit Tunestveit Dyre (1983) har jobba med positive kjensler og opplevingar, og fokusert på korleis desse fysisk påverkar kroppen. Er det mogeleg å visualisere kjensler? Elisabeth Petch (1986) tar utgangspunkt i eigen familie og gjennom eit tekstilt assosiasjonsmateriale portretterer ho ein generasjon slitesterke kvinner. 

 

20.04-20.05.2010

HUS

2. trinn ved Haukås skole stiller ut teikningar. Kull, blyant, tørrpastell. Kulturfagprosjektet i Bergen kulturskole underviser over 1000 elever på 2. trinnet i Åsane og Laksevåg. Dans, musikk, teater og visuelle kunstfag besøker alle skular ein eller fleire periodar kvart skuleår. Denne utstillinga og opninga viser litt av det elevane gjorde saman med kulturskulelærarane då dei var på besøk på Haukås skole tidlegare i vår. Det er òg ein liten video frå Haukås, som gir innblikk i undervisninga i dei fire faga.  

 

14.03 - 18.04. 2010

There is no place like here

Gruppeutstilling

There is no place like here presenterer tekstilhandverk som er skapt i møte mellom 14 kvinner frå 5 forskjellige land. Utstillinga springer ut frå eit samarbeid mellom Senter for byøkologi og tekstildesignaren Heidi Winge Strøm. There is no place like here stiller spørsmål ved korleis vi diskuterer migrasjon og det fleirkulturelle Noreg, og skapar eit rom for refleksjon rundt korleis migrasjonsprosessar formar menneske, samfunnet og stadane der vi bur. Utstillinga er bygd opp rundt tekstilobjekt, film og fotografi frå prosjektet «Kulturell veving», som blei gjennomført i Ytre Arna vinteren 2009/10. Prosjektet har vore ei reise i og mellom ulike tekstiltradisjonar, der 5 kvinner frå Bergensregionen og 9 kvinner frå asylmottaket i Ytre Arna har utforska teknikkar, mønster og fargar for å utvikle nye tekstilobjekt.

 

2009

En ny arbeidsdag – digitalt fortalt

Utstilling på ullaloftet i 2009 i tilknyting 150-års jubileet til Salhus Tricotagefabrik.

 

1.10.2009

Arbeid – Work – Trabajo

Søren Zeuth

Fotografi

Den danske fotografen Søren Zeuth har reist verda rundt og teke bilete av menneske i arbeid. Fotografia skildrar menneske som er på arbeid, og som prøver så godt dei kan å tjene til livets opphold. «Når alt kommer til alt, så har vi de samme normer. Uanset om du er kodriver i Zambia eller funktionær i Danmark. Vi passer vores arbejde, for at få brød på bordet hver dag. Vi stifter familie, får børn, har drømme og forventninger til fremtiden og de kommende generationer. Alle, jeg mødte var åbne, og de ville dele alt. Derfor var det fantastisk at skildre det arbejdende menneske rundt om i verden», seier Søren Zeuth.

 

2.4- 20.9.2009

We were just happy to work

Maria Manuela Rodrigues

Tekstil

Utstillinga til Maria Rodrigues er ein del av Kulturminneåret 2009 og prosjektet Fordums kraft - Nytt liv. Industriminner i møte med vår tid. Her kan du lese meir om Kulturminneåret 2009 og prosjektet. Onsdag 1.juli opnar Kulturminneåret 2009 ei utstilling på Rådhusplass i Oslo med tittelen Fordums kraft - Nytt liv. Industriminner i møte med vår tid. Dette er ei stor utandørs fotoutstilling basert på 10 norske industriminne, deriblant Salhus Tricotagefabrik, Norsk Trikotasjemuseum.

Norsk Trikotasjemuseum er saman med ti andre teknisk-industrielle museumsanlegg valt ut av sekretariatet til Kulturminneåret 2009 til å ta del i prosjektet. Dette er eit nasjonalt dokumentasjons- og kunstprosjekt som skal formidle industriminnet Salhus Tricotagefabrik på ein ny måte.

 

10.09.2008-25.2.2009

Arkiv; De ufullendte

Kari Steihaug og Salhus skule

Utstillinga opnar på Norsk Trikotasjemuseum onsdag 10. september kl.18.00. Kari Steihaug er til stades. Espen Kutschera, formidlar ved Hordamuseet, Bymuseet i Bergen reflekterer over korleis det var å vere mann i strikkeåret. Det vil også bli ei framsyning av elevane 6. og 7. klasse ved Salhus skule.

Image: