Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Broderi: Gunnar Pedersen AS

22.06.2011 - 14:24

Norsk Trikotasjemuseum forvaltar det som er att etter broderibedrifta Gunnar Pedersen AS (1915-86). Bedrifta hadde hovudkontor i Oslo, og produserte og selde handarbeidsmønster, garn og utstyr, hovudsakleg til broderi, til forhandlarar og gjennom vekepressa.

Denne samlinga rommar både ferdige broderi, mønster, arkiv og foto frå Gunnar Pedersen A/S.

I vår nettpresentasjon av bedrifta kan du lese meir om broderi, om historia bak broderisuksessen og mønstera dei produserte.