Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Forvalting av teknisk-industrielle samlingar

19.04.2011 - 14:18

Træing av sokkestrikkemaskin, Norsk Trikotasjemuseum (Foto Hanne Dale / Norsk Trikotasjemuseum)

I 2011-2013 fekk vi støtte av Norsk Kulturr til samlingsprosjektet Forvalting av teknisk-industrielle samlingar. Dette prosjektet har gjort det mogleg å setje spesielt fokus på industrimuseum og løfte fram våre utfordringar innan samlingsforvaltning.

Hovudmålet har vore ei meir heilskapleg langsiktig forvalting av samlingar med industrihistorisk opphav gjennom m.a. ein registreringsmal og arbeid med verdivurdering. Vi ynskte å løfte fram typiske utfordringar med overføringsverdi til andre museum, og opne for diskusjon i nettverket. Prosjektet representerer eit vesentleg løft for samlingsforvaltinga ved Norsk Trikotasjemuseum, og vi håpar at våre løysingar òg kan ha overføringsverdi til andre norske industrimuseum.

Vi har teke utgangspunkt i arbeid med maskinparken ved museet og arrangert seminar og arbeidsmøte om korleis vi best kan registrere, vedlikehalde og ta vare på kunnskapen om samlingane ved denne typen museum, med hovudfokus på:

•registreringspraksis og emneord
•plan for maskinparken og industriminnet Salhus Tricotagefabrik
•verdivurdering av teknisk-industrielle samlingar
•arbeidsmøte i dei aktuelle nasjonale museumsnettverka

I siste delen av prosjektet har vi prøvd ut ulike måtar å vurdere industrielle samlingars historiske verdi gjennom omgrepet Significance. Å ta tak i Significance-vurdering av ei stort sett ukatalogisert samling har tidvis vore ei utfordring, og metoden krev vesentleg research-arbeid i ei samling som vår. Vi meiner likevel at den kan spele ei viktig rolle i å samle inn og systematisere kunnskapen og histori(ene) som finst i gjenstandane, hos givarane og i institusjonen, og gjere ein meir medviten på kva ein har. Significance kan vere ein god måte å gå nærare inn på utvalde gjenstandar, og forbetre kvaliteten på dokumentasjonen av samlinga på sikt.

Vi meiner det er avgjerande å integrere vurderingar av Significance i rutinene og verktøya museet allereie har. Å innlemme dei i inntaksskjema og aksesjonsrutiner er ein veg å gå, og ei tilpassing til registreringsverktøy som Primus ein annan. Her er det framleis ein jobb å gjere, og vi ser fram til å følgje relaterte prosjekt ved Bymuseet i Bergen og Haugalandmuseene i 2014.

Prosjektet vart avslutta ved utgangen av 2013.

 

Last ned:

00 Forvalt_teknisk_ind_rapport_endeleg.pdf

 Utkast til registreringsrettleiing 2012

 

Image: