Samlingane

Det solide Krone Maco-undertøyet.

Norsk Trikotasjefabrikk forvaltar ein omfattande bygningsmasse som rommar både fabrikkbygningane, og bygningar rundt som er knytte til fabrikken: arbeidarbustadar, skulehus, direktørbolig og gamleheim. Vi har ei stor mengd maskiner, både frå Salhus Tricotagefabrik, og maskiner som er overtekne frå andre norske tekstilbedrifter. Vi tek vare på klede og tekstilar som blei produserte ved fabrikken i Salhus, dei mest kjende av desse er nok undertøysmerket Krone Maco.

 

Grunna vårt tekstilindustrielle fokus, har vi òg fått overta det som er att etter den Oslobaserte broderibedrifta Gunnar Pedersen A/S, som produserte broderimønster og selde garn og broderiutstyr frå 1915 til 1986.

Bloggen om Gunnar Pedersen A/S er lagt ut på heimesida vår. Der kan du lese meir om denne samlinga.

Adresse

  • Museumssenteret i Hordaland
  • Norsk Trikotasjemuseum
  • Salhusvegen 201, 5107 Salhus
8 minutt med bil frå Ikea i Åsane, i Bergen kommune
not
Sjå større kart

Vi held stengt: 9., 17., 19. og 20. mai.

Les om Salhus Tricotagefabrik på Industrimuseum.no

Norsk Trikotasjemuseum gjer råd og rettleiing i musealt arbeid til private samlerar, lag og foreiningar. Vi har lang erfaring innan oppevaring av ulike gjenstandstypar og lagring av foto, og kan gje enkle råd om korleis ein best tek vare på desse. Vi kan rettleie i korleis ein systematiserer ei samling, og om korleis ein kan halde oversikt over og ta vare på kunnskapen om gjenstandane eller fotografia. Ein enkel måte og gjere aktiviteten til eit historielag eller eit museum kjend for eit breiare publikum er til dømes å formidle om ho på internett. Det finst gratis heimesideløsningar, til dømes Wordpress. Vi har hjulpet Nera Museum og ein samlar av morsenøklar med å lage heimesider. Vi held kurs for interesserte i sosiale medier som Facebook, Twitter og Instagram. Kontakt oss dersom dykk ønskjer og kome i gang med eit slikt arbeid. Norsk Trikotasjemuseum har også lang erfaring innan å førebu og gjennomføre ulike typar arrangement, formidlingsopplegg til barn og unge og utstillingsproduksjon. Mellom anna har vi fleire gonger koordinert arrangementet «Levande museum» for Bergens Tekniske Museum. Norsk Trikotasjemuseum deltar i forskingsprosjektet «Det fleksible arbeidslivet» i regi av det nasjonale nettverket Nettverk for arbeidarkultur og industrihistorie. Vi er interessert i kontakt med andre som forskar på industrihistoria i Bergen og omland. Norsk Trikotasjemuseum forvaltar Salhus Tricotagefabrik som er eit nasjonalt industriminne og vi har tett kontakt med Riksantikvaren. Vi deler gjerne vår erfaring og kunnskap om sikring og vern av gamle bygningar. Som aktiv deltakar i nasjonale nettverk vil vi framover jobbe med å auke vår kunnskap om korleis dokumentere industribygningar og arbeidsteknikkar. Denne kunnskapen vil vi etter kvart dele med andre. Kontakt Kontaktperson: Torunn Kojan Bøe, tlf. 55 25 10 81/e-post: tkb(a)muho.no