Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Samlingane

22.06.2011 - 13:22

Då Salhus Tricotagefabrik la ned drifta var maskinene og store delar av arkivet intakt. Norsk Trikotasjemuseum forvaltar produksjonslokala og fleire bygningar rundt fabrikken: til saman 31 bygg inkludert arbeidarbustad (1860), skulehus (1873), lærarbustad og den første direktørbustaden. Bygningane er verna av Riksantikvaren og har ei samla golvflate på rundt 10 000 kvadratmeter (inkludert bygningsmassen til Bevaringstenestene).

Museet tek vare på maskiner til ulike prosessar i produksjonen av strikka tekstilar. Vi har fleire hundre maskiner, mest frå Salhus Tricotagefabrik men òg frå andre tekstilfabrikkar i Bergensregionen og andre delar av landet. 

Vi tek vare på klede og tekstilar som blei produserte ved fabrikken i Salhus - dei mest kjende av desse er nok undertøysmerket Krone Maco.  

Grunna vårt tekstilindustrielle fokus, har vi òg fått overta det som er att etter den Oslobaserte broderibedrifta Gunnar Pedersen A/S, som produserte broderimønster og selde garn og broderiutstyr frå 1915 til 1986.

 

Ta kontakt med samlingsansvarleg Torunn Kojan Bøe viss du har noko du vurderer å gje til museet. 

 

Image: