Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Stoff støy strev – stemmer!

23.03.2012 - 14:38

Kven lager dine klede? No kan du møte nokre av dagens tekstilarbeidarar i ei ny utstilling på Norsk Trikotasjemuseum i Salhus.

I 2012 var prosjektet Glocal Threads på feltarbeid blant tekstilarbeidarar i den sør-indiske industribyen Bangalore. Norsk Trikotasjemuseum er no i gang med å lage ei utstilling av den innhenta dokumentasjonen, med støtte frå Stiftelsen Fritt Ord og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet. Utstillinga vil vere Norsk Trikotasjemuseum sitt bidrag til Stemmerettsjubileet 2013.

Mellom anna vil utstillinga syne ulike forteljingar frå kvinner som arbeidar på tekstilfabrikk festa til korte filmar, og publikum vil få nærare kjennskap til den lokale fagforeininga i Bangalore og kva utfordringar dei arbeider med.

Utstillinga vil synast i ein av dei gamle arbeidarbustadane i Salhus frå 1860-talet. Norsk Trikotasjemuseum ynskjer med denne utstillinga å løfte fram stemmene til tekstilarbeidarane i dagens fabrikkar, med Salhus Trikotasjefabrikk si eiga historie som eit bakteppe for det som vert vist fram. Dei tekstilarbeidande kvinnene i Bangalore er ikkje aleine om kampen for betre arbeidstilhøve og rettferdig løn, då denne industrien historisk sett lenge har vore prega av slike tilhøve, uavhengig av land.

Utstillinga Stoff støy strev - stemmer opna 16. juni 2013. I sommarhalvåret er utstillinga ope for publikum.

Image: