Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Digitale forteljingar frå Salhus

04.05.2011 - 08:44

Denne utstillinga er eit resultat av prosjektet Digitale forteljingar, med døme frå Salhus.

Det har skjedd store endringar i arbeidsforholda i norske industribedrifter. Høyr og sjå ein tidlegare arbeidar ved Salhus Tricotagefabrik skildre kvardagen i spinneriet på fabrikken:


Salhus var ei industribygd. Trikotasjefabrikken var kjernen i tilværet for nær samtlege i bygda, og for mange var det liten tvil om kvar dei skulle arbeide når dei blei vaksne. Det var ikkje uvanleg at industriarbeid gjekk i arv. I etterkrigstida har det skjedd store endringar: fleire valgmoglegheiter som følgje av studiefinansiering og utbygd samferdsle førte til at mange i etterkrigsgenerasjonen i Salhus valde andre vegar. Her er Håkon si forteljing om familien sin og tilknytinga til Salhus:



Det ligg mykje makt i ei god historie. Og ei historie blir alltid fortalt framfor ei anna. Dette er forteljinga om forteljinga om Emil Clausen – gudfar, industrikonge og direktør ved Salhus Tricotagefabrik:



Ei digital forteljing om nedbygginga av den norske tekstilindustrien. Korleis opplevde ei rutinert sydame å miste arbeidet sitt på syloftet og overgangen til eit heilt nytt arbeidstilvære?



Om å jobbe på Norsk Trikotasjemuseum: Ei digital forteljing laga i samband med ei stillingsutlysning i felleskonservatorprosjektet "Kunnskap og forteljing":