Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Prosjekt

23.01.2013 - 14:00

Norsk Trikotasjemuseum har sitt faglege hovudfokus på tekstilindustrisamfunnet, og vi dokumenterer, innhentar kunnskap om, forskar på og formidlar bygningar, tekstilmaskinar, arbeidsliv og sosialhistorie knytt til tekstilindustrien. For å bli betre på vårt fagfelt, må vi søke eksterne midlar.

I 2013 fekk vi midlar til tre prosjekt: Glokal Threads, om tekstilarbeidarane i India i dag, Forvaltning av teknisk industrielle samlingar og til å ordne privatarkivet etter brodeributikken etter Gunnar Pedersen AS.

Store deler av summane til desse prosjekta har vi motteke frå Norsk Kulturråd. 

 

Image: