Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Barneskulen

28.09.2010 - 11:48

Vi arbeider stadig med å utvide museet sitt tilbod til skulane. Under kan de lese om nokre av dei opplegga ein barneskuleklasse kan oppleve på Norsk Trikotasjemuseum. Det er veldig bra om klassen har prata om museumsbesøket på førehand, slik at alle er godt førebudd på kva som skal skje. Det er fint å spise niste i kafeen etter besøket. Alle museumsbesøk er gratis for skuleklassar i skuletida. Dersom de har andre forslag så har vi stort spillerom for å tilpasse opplegg eller følge opp dei ønska de måtte ha.

Bestill tid for din klasse på e-post: bestilling.nt@muho.no eller ta kontakt med Ingrid Haugrønning på telefon 975 28 010.

 

”Frå ull til tekstil”Barn kader ull

Oppleggget består av omvising i Salhus Tricotagefabrik (1859-1989), der elevane får innsikt i korleis ull blir til klede. Ulike maskinar blir sett i sving, og elevane får sjølv prøva strikking på maskin! Omvisinga varer om lag ein time. Me har to opplegg for barneskulen. De kan velje kun omvising i fabrikken, slik som det er skrive om ovanfor, men de kan og vere her i to timer.

Då vil de først få vere med å tove ull. Barna får karde og tove ull som blir til ein tjukk tråd, og kanskje blir det eit armband. Når me etterpå går inn i fabrikken vil dei sjå samanhengen mellom å laga tråd med hendene og at det er maskinar som gjer det i fabrikken. I dette opplegget legger me inn ein matpause mellom tovinga og turen i fabrikken. Gratis for skuleklassar. Desse opplegga passer også bra for SFO-grupper. Kr 30 pr barn i materiellutgifter. Les også under linken barnehage.

 

Livet utanfor fabrikken-kulturminneløype

Ved å følgje kulturminneløypa kan elevane få læra og oppleva meir av livet til dei som jobba i fabrikken. På turen besøker vi mellom anna fabrikkskulen kor elevane kan prøve seg med penn og blekk og sjå hundre år gamle skulebøker.

Det tar om lag 30-40 minuttar å gå gjennom kulturminneløypa. Denne løypa kan tilpassas alle alderstrinn, og er gratis for skuleklassar i skuletida.


 

«Traff du Clausen, var det berre å neie!»

Bli med på eit dramapedagogisk undervisningsopplegg retta mot elevar på mellomtrinnet. Passar best for 4-6 klasse.

Opplegget tek sikte på igjennom ulike dramaøvingar og forteljingar og gje elevane ei kjensle av korleis det var å vokse opp på ein liten industristad. Borna får vere med inn i fabrikken og sjå nokre av maskinane. Her får dei lære om korleis ein produserte ulike klede på fabrikken.

På ullaloftet skal dei ved hjelp av ulike dramaøvingar herme arbeidet som skal til for å lage klede på ein fabrikk. Ein viktig del av opplegget vil være forholdet mellom arbeiderborna og eigaren av fabrikken, Disponent Clausen. Her må alle lære seg å neie og bukke for disponenten. Borna får så møte læraren (formidlar i rolle) som tek dei med frå fabrikken og inn i fabrikkskulen. Her får borna prøve å skrive med penn og blekk, samt øve seg på songen dei skal framføre for Clausen når han kjem på besøk.

Dette tilbodet tek om lag ein time. Tilbodet er aktuelt i perioden 15. april til 15. september, grunna temperatur i dei lokala vi bruker.

 

Her finn du eit samandrag av alle undervisningsopplegga:

PDF icon undervisning brosjyre 2017.pdf

Image: