Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Skule

28.09.2010 - 11:44

Norsk Trikotasjemuseum har ulike undervisingsopplegg frå småtrinnet, mellomtrinnet, ungdomsskulen og vidaregåande skular. Gratis inngang for skuleklassar. Om ønskjeleg kan me halde kafeen open når dere besøker oss, gi oss gjerne beskjed på førehand. Skuleborn kan nyte medbrakt matpakke i kafeen. 

Vi arbeider stadig med å utvide museet sitt tilbod til skulane og vi gjer vårt beste for å tilpasse opplegg til den enkelte gruppa. Har de innspel så er det berre å ta kontakt. Det er veldig bra om klassen har prata om museumsbesøket på førehand, slik at alle er godt førebudd på kva som skal skje. Det er fint å spise niste i kafeen etter besøket. Alle museumsbesøk er gratis for skuleklassar i skuletida.

Du kan lese om og bestille plass på våre undervisningstilbod hos Museumslosen.

Bestill tid for din klasse på Museumslosen, e-post: bestilling.nt@muho.no eller ta ein telefon til Ingrid Haugrønning på nr. 975 28 010.

 

 

Image: