Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Barnehage

28.09.2010 - 11:47

Opplegget for barnehager et todelt . Først møtes me i kafeen til museet og barna lærer å karde og tvinne på den før-industrielle måten. Me snakker om sauen og ullet. Dette tar ca 30 minutt. Mange foretrekker å ta ein liten matpause etter dette, og det kan barna gjere i same lokale. Ta gjerne med matpakke og me har vatten på mugger om dere ønskjer det. Bare gi oss beskjed. Etter matpausen besøker me fabrikken. Fokuset rettes nå frå å lage noko med hendene til at maskinane har tatt over dette arbeidet. Til dere vaksne: Opplegget viser overgangen frå tida i det før-industrielle samfunnet til endringane som kom med den industrielle revolusjonen. Endringane frå midten av 1850-talet og fram til begynnelsen av 1900-talet førte til  drastiske endringar av produksjonen av tekstiler. Norsk Trikotasjemuseum viser eit tversnitt av endringane som tekstilindustrien førte til. Ved å ta barna med inn i fabrikken ønskjer me å gi dei eit bilde på korleis klede blir laga av maskinar.

 

Her finn du eit samandrag av alle undervisningsopplegga:

undervisning_brosjyre_2016.pdf

Barn i fabrikken

Barn i fabrikken

 

Til saman tar opplegget omlag 2 timar, inkludert spisepause. Dette opplegget passer best for barn i førskulealder, men også 4-åringar kan lære noko. Det er viktig at dere er nok vaksne med som kan hjelpe formidlaren og sjå etter barna inne i fabrikken. Passer også bra for småtrinnet på skulen og SFO-grupper. Pris kr. 30,- per barn i materialavgift. Kontakt oss på bestilling.nt@muho.no eller ring formidlingskoordinator Ingrid Haugrønning på telefon 55 25 10 94/ 975 28 010.

Barn karder. Kva blir det for fint?

 

Image: