Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Venneforeininga

29.10.2010 - 15:54

Venneforeininga til Norsk Trikotasjemuseum er ein god støttespelar for museet. Dei held årsmøte fast kvart år, men elles møtast dei mellom anna når det er arrangement på museet. Mange av medlemmane er tidlegare tilsette ved Salhus Tricotagefabrik, men det er også andre som er medlemmer som ikkje har jobba her. Du kan vere medlem sjølv om du ikkje har jobba innan tekstilindustrien eller bur i Salhus. Om du er oppteken av kulturminne, industrihistorie, tekstil og tekstilindustri eller anna, er du velkomen til å bli med.  Har du jobba ved ein annan tekstilfabrikk og vil dele din kunnskap med museet og venneforeininga, må du bli med. Kontakt leiar i venneforeininga, Håkon Knudsen, eller ring museet.

Kontaktperson: Håkon Knudsen
Tlf.: 911 22 809
E-post: haakknu@online.no