Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Utleige

10.01.2012 - 13:52

bb2r2387-1

Syloftet på Salhus Tricotagefabrik. Foto: Tove Lise Mossestad

 

Ønskjer du å leige kaféen vår? 

Vi leiger ut lokalet til mindre og større selskap, konfirmasjon og bryllup.

 

Med sin unike industriarkitektur vart Salhus Tricotagefabrik sine fabrikklokaler bygd med store vindauge ut mot fjorden. Det sørgar for mykje lys i lokalet og gir ei heilt eiga stemning.

 

bb2r2707-1 bb2r2660-1

Museumskaféen. Foto: Tove Lise Mossestad
 

I dag er nokre av lokala omskapt til kafe, og med fjorden like utanfor kafevindauga, er stemninga unik og fredfyllt. Her har vi også terrasse og båtkai. Også sitteplasser ute på framsida av fabrikklokala.

 Kafeen inneheld også ein filmsal. Veggen mellom filmsal og kafe kan opnast opp for å gjere lokalet større. Vi har sitteplassar og dekketøy til 100 personar.

 

bb2r2678-1

Museumskaféen. Foto: Tove Lise Mossestad
 

Som museum må vi først og fremst ta omsyn til lokala og kulturminne vi forvaltar, difor må leigeprisen alltid inkludere vakt som er til stades under dei ulike tilstelningane, og utvask. Museet har ope søndagar heile året, og vi leiger derfor ikkje ut våre lokale på søndagar. 

Kontakt oss gjerne for meir informasjon: bestilling.nt(a)muho.no eller (+47 917 05 645).

 

Mindre samankomstar

Ta kontakt for pristilbod dersom det er ei mindre gruppe som ynskjer å leige lokale i samband med museumsbesøk.

Telefon: (+47 917 05 645)

Bestilling på bestilling.nt(a)muho.no

 

Leige av lokale til fotooppdrag

For firma: kr 3000 pr. dag.
For brudepar: kr 1500 for 2 timar