Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Lange underbukser og tjukke islendarar

24.10.2010 - 16:00

Lange underbukser frå Salhus Tricotagefabrik

Norsk Trikotasjemuseum held til i lokala til Salhus Tricotagefabrik. Salhus Tricotagefabrik er ein gamal strikkefabrikk som blei etablert i 1859, og er ein av dei første trikotasjefabrikkane i Noreg. Ordet trikotasje viser til maskinstrikka metervare. Her strikka maskinane opp metervare av ull, bomull og andre materiale som etter ulik behandling, til dømes vasking og farging, blei sydd om til mellom anna undertrøyer, lange og korte underbukser, helsetrøyer, stillongs, sokkar, sportskler og tjukke ,varme islendarar. Kronemacco blir det kjente varemerket, og plagga var til sals over heile landet og dei blei eksporterte til utlandet.

I 1956 jobba det over 330 menneske ved fabrikken. Utover 1970-talet kom også merket med namnet Kobra. Det norske militæret bestilte kler på 1970 og 1980- talet, og deira bestillingar var så store at når denne ordren ikkje haldt fram lenger, er det mange som meiner at dette var ein av grunnane til at fabrikken gjekk mot slutten på 1980-talet.

Men marknaden spissa seg til før dette. I 1954 produserte Hong Kong den første gensaren for kommersielt sal i Noreg. Tekstilindustrien treng mange arbeidshender og er slik ein kostbar industri. Hong Kong har låg løn, mens løna i Noreg er solid. Utover 1960 og 1970-talet kom det fleire store og hypermoderne tekstilbedrifter på den andre sida av kloden. I Salhus mista fleire og fleire arbeidet sitt. I 1989 var det slutt. Ein bit av norsk industrihistorie ver over, tekstileventyret i Salhus var slutt.

Image: