Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Historikk

24.10.2010 - 16:01

Eit nasjonalt industriminne

Fabrikken i 1859

I 2009 var det 150 år sidan Salhus Tricotagefabrik blei etablert i Salhus. Den gamle strikkefabrikken er eit av dei elleve nasjonale industriminna. Fabrikken er verna av Riksantikvaren og er slik eit prioritert kulturminne. Men kvifor? Riksantikvaren meiner at fabrikken representerar eit unikt tverrsnitt av norsk industrihistorie, nærare bestemt av historia til norsk tekstilindustri. Frå 1859 og heilt fram til 1989 har tusenvis av kvinner og menn jobba ved fabrikken. Når fabrikken la ned var maskinane og store delar av arkivet til Salhus Tricotagefabrik intakte. Riksantikvaren utnemnde fabrikken til eit nasjonalt industriminne. Etter at fabrikken la ned i 1989 opna Norsk Trikotasjemuseum i fabrikklokala i 2001. I dag tar me vare på dei gamle maskinane til Salhus Tricotagefabrik og minna til dei som arbeidde her. Men me har og eit nasjonalt ansvar og skal blant anna ta vare på, dokumentera og formidla historia til den norske tekstilindustrien.

 

Lange underbukser og tjukke islendarar

Salhus Tricotagefabrik var ein av dei første trikotasjefabrikkane i Noreg. Ordet trikotasje viser til maskinstrikka metervare. Her strikka maskinane opp metervare av ull, bomull og andre materiale som etter ulik behandling, til dømes vasking og farging, blei sydd om til mellom anna undertrøyer, lange og korte underbukser, helsetrøyer, stillongs, sokkar, sportskler og tjukke ,varme islendarar. Kronemacco blir det kjente varemerket, og plagga var til sals over heile landet og dei blei eksporterte til utlandet.

Arbeidarane ved Salhus Tricotagefabrik i 1893.

I 1956 jobba det over 330 menneske ved fabrikken. Utover 1970-talet kom også merket med namnet Kobra. Det norske militæret bestilte kler på 1970 og 1980- talet, og deira bestillingar var så store at når denne ordren ikkje haldt fram lenger, er det mange som meiner at dette var ein av grunnane til at fabrikken gjekk mot slutten på 1980-talet.

Men marknaden spissa seg til før dette. I 1954 produserte Hong Kong den første gensaren for kommersielt sal i Noreg. Tekstilindustrien treng mange arbeidshender og er slik ein kostbar industri. Hong Kong har låg løn, mens løna i Noreg er solid. Utover 1960 og 1970-talet kom det fleire store og hypermoderne tekstilbedrifter på den andre sida av kloden. I Salhus mista fleire og fleire arbeidet sitt. I 1989 var det slutt. Ein bit av norsk industrihistorie ver over, tekstileventyret i Salhus var slutt.