Norsk Trikotasjemuseum

Salhus Tricotagefabrik blei etablert i 1859, og i 2001 opna Norsk Trikotasjemuseum i dei gamle fabrikklokala. Salhus Tricotagefabrik er eit av dei 11 nasjonale industriminna som Riksantikvaren prioriterer.

Trikotasje betyr strikka tekstil, og fabrikken produserte plagg i bomull og ull fram til fabrikken stengde i 1989. Kanskje kjenner du varemerket KroneMaco, kvalitetsmerket på undertøyet som kjem herifrå? Opp gjennom åra har blitt produsert korte og lange undikkar, undertrøyer med kort eller lang arm, sportskler, sokkar, kluter og anna.

Eit besøk hos oss er eit besøk inn i den gamle strikkefabrikken. Kvar heile time er det omvising og du får høyre om produksjonen av plagga mens me demonstrerar maskinar. Me viser  filmen kor tidlegare arbeidarar fortel om korleis det var å jobbe på fabrikken. Filmen varar i 25 minutt og ei omvising i Salhus Tricotagefabrik tar mellom 30 og 45 minutt. Me har heis for dei som trenger det.

Me har også skiftande utstillingar, museumsbutikk og ein enkel kafé med heimelaga rundstykke og kaker. Desse har same opningstid som museet.

Barn i kulturminneløypa.

Barn i kulturminneløypa.

Barneomvising kvar søndag kl.13.00. Du kan også gå Kulturminneløypa. Gjennom 9 postar vandrar du i Salhus. Løypa startar utanfor fabrikken og barna kan ta med seg kart og oppgåver. Kart, oppgåver og premier til barna får du i kafeen på museet.

Eigne undervisningsopplegge for skular og barnehagar. Gratis undervisingsopplegg for skular.

Me held til i Salhusvegen 201, kun 8 minutt frå Ikea i Åsane i Bergen kommune.

Butikken Hjørnet i Salhus held ope onsdagar kl. 12-18. Sal av kunsthandverk. Butikken held til i det gamle veveriet like ved museet.

Siste nytt

22.02.2012

Dra til Salhus i vinterferien!

Film og omvising kvar time i den gamle fabrikken. Eigen omvising for barn kl. 13.00 Aktivitetsverkstad Lag fine ting i ull. Månadens tema er vinter. Salsutstilling av verk av Agnes Bakke Murud og Rachel Huglen. Byens finaste kafé, med fjordutsikt og heimebakst! Velkomen! Opningstider vår 2012: Sundagar: 12-17. Tirs-fredagar 11-15

07.02.2012

BT-oppslag om fabrikkpipa i Salhus

Norsk Trikotasjemuseum fekk eit tosiders oppslag i Bergens Tidende 31.januar om den pågåande rehabiliteringa av fabrikkskorsteinen.

27.01.2012

200.000,- frå Norsk Kulturråd til eit digitalt prosjekt om tekstilindustrien i India

Norsk Trikotasjemuseum har fått Kr 200.000 frå Norsk Kulturråd til prosjektet Stoff, Støy, Strev! Tekstilarbeidarar sine digitale stemmer frå Salhus og Bangalore. Norsk Trikotasjemuseum ønskjer med dette prosjektet å reise debatt kring tilhøva i den globale tekstilindustrien i dag. Dette vil vi gjere ved å samle inn og lage personlege digitale forteljingar frå tekstilarbeidarar i [...]

25.01.2012

Strikkekafe 28.02 kl.19

På strikkekafeen tirsdag 28. februar er det pastentstrikk. Me fokuserer på trenden med å strikka putevar, og me vil mellom anna vise døme på putevar strikka i patentstrikk, og gjennomgå denne strikketeknikken slik at alle kan lære den. Me vil også vise det nye garnet vårt! Garnet er kjøpt inn frå Hillesvåg Fabrikker AS, men   [...]

Adresse

  • Museumssenteret i Hordaland
  • Avd. Norsk Trikotasjemuseum
  • Salhusvegen 201
  • 5107 Salhus
not
Sjå større kart

Kontakt

Opningstider

  • 26.2- 31.05: Tysdag-fredag: 11-15
  • Sundag: 12-17
  • 1.6.-2.9: Tysdag -fredag 11-16
  • Sundag: 11-17
  • 3.9.-2.12: Tysdag-fredag 11-15
  • Sundag: 11-17
  • Museet er ope for grupper, barnehagar og skuleklasser heile året. Ta kontakt for bestilling. Opningstidene gjeld også museumsbutikken og kafeen. Utvida tilbod i kafeen om sundagane og om sommaren.

Prisar

  • Vaksne –omvising, film og utstillinga: kr.50,-
  • Vaksne –utstilling: kr. 30,-
  • Born:  gratis
  • Honnør/student: kr. 30,-
  • Bergenskortet:  gratis
Bli med på omvising i trikotasjefabrikken frå 1859. Kjenn lukta som heng igjen i veggane etter mange års produksjon. Me tar deg med ned i karderiet og spinneriet, på spoleloftet og opp på sy- og strikkeloftet. Du kan sjå filmen som fortel om Salhus og våre skiftande utstillingar. Barna kan boltra seg på barneverkstaden som er open annankvar søndag. Nyt heimebaksten vår i kafeen og leit gjerne etter ei gåve i museumsbutikken.