Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Norsk Trikotasjemuseum

(+47) 988 67 180
Søndagar: (+47) 917 05 645
Salhusvegen 201, 8 minutt frå IKEA i Åsane
 
 

Kom og bli med oss på ei omvising i tekstilfabrikken, Salhus Tricotagefabrik (1859-1989), sjå våre utstillingar og film. Du kan nyte fred og ro i kafeen vår, eller handle i museumsbutikken. Vi gir deg og barna dine gode opplevingar!

Salhus Tricotagefabrik er eit av 15 nasjonale industriminne som er proriterte av Riksantikvaren. Sidan 2016 har vi arrangert Bergen Strikkefestival. Hausten 2013 var vi vertskap for Nasjonal strikkekveld på NRK, og Norge Rundt sende direkte frå museet.  Les meir om norske industriminne på industrimuseum.no

Vi held til i Åsane bydel i Bergen, ca. 17 minutter med bil frå Bryggen i Bergen.

Velkomen til oss!

 

 
 

I helga arrangerte Norsk Trikotasjemuseum Bergen strikkefestival for fjerde gong. Festivalen sette fokus på tema som berekraft og inkludering, og stilte med eit festivaldesign inspirert av Bergensvêret.

Meir om 1600 strikkarar besøkte Salhus i helga

Få med deg leiken, lokal og bærekraftig strikkedesign på haustens første strikkekafé 22. oktober.

Meir om Strikkekafé: LEIK knitwear

13.okt. kl. 14 opnar utstillinga SKIFTarbeid med arbeid av tekstilkunstnar Susanne Roti og biletkunstnar Jannecke Heien. Begge viser kunstverk der klede spelar hovudrolla, og der arbeid utgjer eit stort bakteppe.

Meir om Utstillingsopning: SKIFTarbeid

Velkommen til Norsk Trikotasjemuseum. Se våre åpningstider her.

Meir om Opningstider 2019

Korleis finn du fram i jungelen av museumstilbod? No kan du enkelt leite fram opplegg tilpassa ditt fag og din klasse hos MuseumsLosen.

Meir om Finn våre undervisningsopplegg hos Museumslosen

Museumsbutikken bugnar av skjerf, sokkar, puter og strikkepakkar: perfekte gåver til nokon som frys! Alle sokkar, skjerf og putetrekk er strikka på maskiner på museet, og sydde hos oss.

Meir om Kjøp produkt frå Norsk Trikotasjemuseum

I samarbeid med Museumsforlaget har gamle mønster frå Salhus Tricotagefabrik endeleg blitt bok: Ruter og lus - retrostrikk frå Salhus Tricotagefabrik. Kjøp boka i butikken vår, din næraste bokhandel eller på www.museumsforlaget.no.

Meir om Ruter og lus er i butikken!

I september gir vi ut strikkeboka Ruter og lus - retrostrikk frå Salhus Tricotagefabrik. I boka får tradisjonelle islendarar og strikkeprøver frå fabrikkarkivet nytt liv som gensarar, kjolar, jakker og interiørstrikk. Vi gler oss til å presentere boka under Bergen Strikkefestival!

Meir om Ruter og lus: ny strikkebok frå Norsk Trikotasjemuseum

I ukens Åsane Tidende kan du lese om Norsk Trikotasjemuseums nye rolle som ankerpunkt i ERIH.

Meir om -En stor anerkjennelse

Siden 2013 har Norsk Trikotasjemuseum vært tilknyttet det europeiske reiselivsnettverket for industrihistorie European Routes of Industrial History (ERIH). ERIH er både et faglig nettverk for industrihistorie og en portal for industriturisme

Meir om Norsk Trikotasjemuseum blir ankerpunkt i ERIH

Besøk museumsbutikken på Norsk Trikotasjemuseum. Her selges blant annet gensere, sokker, skjerf som er strikket på maskiner i museet.

Meir om Hold varmen med strikk fra Norsk Trikotasjemuseum

Kalender

URD - Ho syng for oss (29.10.2019)
Bokprat: Bli hos meg (30.10.2019)
Fabrikkfest! (03.11.2019)

Sjå heile kalenderen

Opningstider 2019:

  • 1.9-8.12: tysdag-fredag 11-15, søndagar 12-17

 

Det er berre tilgang i fabrikken med omvisar, men du kan besøke dei skiftande utstillingane på eiga hand. Omvising kvar heile time frå kl. 12-14 på kvardagar og kl. 13-16 på søndagar.

Vi tek i mot grupper og skuleklassar ved avtale.

Adresse
Museumssenteret i Hordaland
Norsk Trikotasjemuseum
Salhusvegen 201, 5107 Salhus
8 minutt med bil frå Ikea i Åsane
 
 
Kontakt:
(+47) 988 67 180 - generelle spørsmål
(+47) 922 48 204 - gåver/spørsmål om samlinga
Søndagar: (+47) 917 05 645