VELKOMMEN TIL HANDARBEIDSTREFFET 1. februar!
Sola stig litt på himmelen kvar dag, og me går inn i den andre månaden med eit flott program på handarbeidstreffet. Solveig Jordal, som er avdelingsleiar ved Kulturverntenesta i Nordhordland/ Museumssenteret i Hordaland vil snakka om hardangersaum. Ho har tidlegare arbeidd ved Hardanger museum, men tittel peikar ut i vide verda: Det internasjonale i det lokale – er hardangersaumen norsk, italiensk eller kypriotisk?
Elles vert det som vanleg mykje godt handarbeid, song og preik. Og kanskje ei suppe.
Velkomne alle, me startar klokka 12!
Helsing oss på museet






