Osterøy folkemusikkarena inviterer til romjulskonsert på Osterøy museum femtedag jul kl 18.00 med lokale musikarar.
Simra er ei relativt ny gruppe, med Silje Midtbø Vevle og Una Anine O’Keeffe. Men dei har spelt lenge i lag og har trått sine ”barnesko” i den sterke folkemusikkrørsla på Osterøy.
Simra spelar hardingfele, tistrengsfele og vanleg fele i tillegg til song. Musikken er hovudsakleg norsk tradisjonsmusikk som dei arrangerar sjølve, eller eigenkomponerte melodiar. Men også tonar frå naboland, også på andre sida av havet får me høyra! Dei seier sjølv at dei ”ved å gje slåttane ei ny ”innpakking”, ønskjer å gjera slåttane interessante og lettare å like for tilhøyrarane. ”
På romjulskonserten vert duoen forsterka med to karar; Simon Kleppe Røskeland på perkusjon og Tormod Kleiveland på gitar.






