Brettspel og film på museum 6.11

Open sundag på museet – film og brettspel, kanskje meir?
Dei som ikkje må sjå fotballkampen sundag 6. november, kan ta seg ein tur på Osterøy museum mellom kl 12 og 15. Klokka 13 viser me den gamle, lange Havråfilmen. Elles finn me fram eit brettspel eller fleire, og vonar at unge i alle aldrar har lyst til å spela litt. Ta gjerne med favorittspelet ditt! Så får me sjå.

Leave a Reply