Dar kjem Dampen – med postI år vert det fleire kjekke lokale julebøker å gje bort! Ei av dei er Dar kjem Dampen .. med post! Måndag 31. oktober kl 19 kan du møta dei som står bak boka, filatelistane Audun Hanstveit og Arne Eriksen. Med utgangspunkt i dampbåtferdsla og postføringa har dei skrive ei lokal historie frå vårt distrikt. Boka markerar at det er 120 år sidan Indre Nordhordland Dampbåtlag vart etablert, og 100 år sida Postverket oppretta ekspedisjonar på båtane deira.
På kveldstreffet får me både høyra og sjå meir. Dei tek med seg ei posthistorisk utstilling knytt til boka. Enkel kafé. Fri inngang
Velkomne alle!
I samarbeid med Osterøy Friundervising






