I samband med arrangementet Nordatlantiske handverkstradisjonar på Osterøy museum 26/9-2/10, blir det opne foredrag heile veka kl. 12.30 med føredragshaldarar både frå inn- og utland. Fri inngang! Enkel kafe frå kl. 12.
Måndag 26.september: Handverkstradisjonar – meir enn berre båtbygging? Atle Ove Martinussen, direktør, Museumssenteret i Hordaland
Tysdag 27. september: Det internasjonale i det lokale – er hardangersaumen norsk, italiensk eller kypriotisk? Solveig Jordal, avd.leiar ved Kulturverntenesta i Nordhordland/ Museumssenteret i Hordaland
Onsdag 28.september: ‘The Taatit Rug: Shetland’s version of the varafeldur or båtrya?’
Dr. Carol Christiansen Curator/Community Museums Officer Shetland Museum & Archives.
Torsdag 29. September: Forhistoriske tekstilar fortel historie. Inger Raknes Pedersen, avd.leiar
ved Bevaringstenestene /Museumssenteret i Hordaland.
Fredag 30. september: Norwegian Double-Weave and the Warp-Weighted Loom. Katherine Larson
Laurdag 1. oktober: Fra gammelt til nytt. Eksempler på rekonstruksjon av vevde tekstiler med
datastyrt jacquard. Jon Pettersen, tekstildesigner og førsteamanuensis.
Måndag-fredag er museet ope 12-15, laurdag frå kl 10
Det blir halde kurs heile veka. Det er enno ledige plassar på sprang og vev! Elles er alle velkomen til å sjå og la seg inspirere. Les meir om kursa her






