Onsdag 22 juni får Osterøy museum besøk av Katherine Larson. Ho heldt til på eit individuelt PhD program ved University of Washington i Seattle, knytt til den skandinaviske avdelinga. I desse dagar avsluttar ho doktergraden sin i dobbeltvev på oppstadgogn, eller som det heiter på engelsk: Norwegian Double-Weave and the Warp-Weighted Loom.
Ho vil fortelja om det ho har funne, både gjennom tekstile observasjonar, og gjennom eksperimentering. Ho er såleis ein av dei etter kvart fleire som ser det nødvendig å kombinera teori og praksis for å kunna driva forsking og kunnskapsutvikling i eldre tiders arbeidsteknikkar.
Katherine Larson vitja Osterøy museum nokre dagar for to år sidan. På vevreisa si gjennom Noreg kom ho hit for å snakke om tradisjonell åklevev på oppstadgogn med Marta Kløve Juuhl, og for å veva på ein av vevane våre. Me tykkjer såleis me kjenner henne, og gler oss til at ho no kjem attende.
Foredraget tek til klokka 12.30 og er gratis. Sal av kaffi og stompekaker frå klokka 12.00.
Velkomne!






