JON EIKEMO KJEM – KJEM DU?

Programmet for vårens vakraste – Liv i gamle stover – er snart i boks. I år er det berre ein dag, sundag 29. mai. Men det vert ein tettpakka dag!

Me er kjempeglade for at Jon Eikemo har takka ja til å halda opningstala. Han får musikalsk støtte av Frida Sofie sitt husorkester. Og etter opninga renn det på med kjekke aktivitetar for store og små, litt marknad og med spennande utstillingar, m.a. om Folkekunst.

Frå tre ulike distrikt i Noreg kjem dei unge spelemenne Alexander Røynstrand, Tor Hoslemo og Lars Ingar Meyer Fjeld. Dei held hovudkonserten. Musikk til maten syter fløytistane i gruppa Imaginata for. Og musikarar frå Osterøy spel- og dansarlag er med også. Som vanleg er det lag og organisasjonar på Osterøy som står bak og ber inn til vårfest.

Leave a Reply