|

Osterøy museum er eit kulturhistorisk museum for Osterøy og dei
næraste bygdene. Museet skal samla, ta vare på og
elles dokumentera kulturminne frå dette området.
Museet, som vart skipa i 1920, ligg vakkert til på ein
sandbanke på Gjerstad. På tunet med i alt 10 tilflytta
bygningar, kan du henta kunnskap og kveik anten du vil søkja
deg attende til det gamle bondesamfunnet, vil oppleva skulestellet
på veglause stader i Osterfjorden, eller du vil oppdaterast
på nyare tids industri og handverk. Sundagskafé
med spesialiteten stompekaker.
Her
kan du gå til Osterøy museum sine eigne sider på
internett
Siste nytt:
NY UTSTILLING: EIT STEG PÅ VEGEN ..
 |
Velkommen til utstillingsopning fredag 10 september kl 14.00 på Osterøy museum!
Else Karin Tysse Bysheim stiller ut arbeid som ho kallar Eit steg på vegen. Else Karin er godt kjent både som kunstnar og som gallerist.
No tek ho oss med på den spennande vegen - å laga kunst – og stiller ut arbeid medan ho er midt i ein skapande prosess. |
 |
 |
KVARDAGSSPOR I LANDSKAPET

Sjå nettutstillinga "Sjekk det håret" her.
EI VANDRING I GARDSLANDSKAPET
Ny kultursti på Gjerstad, alltid open! Info og faldar ved Gjerstad kyrkje.
TROLLDOM-CD
No er cd-en med Trolldom som musikkhøyrespel komen!
Kan førebels kjøpast på Osterøy museum
pris kr 180.
Strikkeoppskrifter med minne - Nettutstilling , Osterøy
Museum
| Velbrukte oppskrifter ligg gjerne
i skåp, skuffer og plastposar. Når dei vert
henta fram, kan dei ofte fortelja ei lita historie. Osterøy
museum har fått Berta Vevle til å leite fram
ein del av strikkeoppskriftene sine. Sjå
utstillinga her. |

|
Sjå i kalenderen i venstre marg for komande aktivitetar |
|