Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Folk i ei krigstid

Denne utstillinga presenterer 220 portrett tekne av Albert Fotland (1888-1975), ein dyktig amatørfotograf frå Osterøy. Portretta vart tekne i dei fyrste krigsåra og vart brukt på grenseboarbevis. Det var eit legitimasjonskort som måtte berast av alle vaksne personar i Noreg som budde innan ein viss avstand frå riksgrensa under krigen. Personane er avbilda ned til hoftepartiet og ofte er to personar fotografert saman. Under krigen var film kostbart, utgiftene til fotografen kunne reduserast ved at bilde seinare vart klipt i to. Bilda er såleis ei primærkjelde, som ikkje kan samanliknast med vanlege foto på grenseboarbevis. Så godt som heile den vaksne befolkninga i ei bygd vart fotografert av Fotland.

Sjå portrettutstillingane her:
Mann og kvinne
Kvinner
Menn
Ellers finn du bileta ved å besøke oss på Flickr. Bruk gjerne kommentarfeltet under bileta! (namn, stad m.m.)

Om fotografen
Albert Fotland (1888-1975) var oppvaksen på Løtveit på Osterøy i Hordaland. Fotland var ein av dei mange ungdomane som fekk interesse for fotografering i ungdomsåra. Interessa og kunnskapen heldt han ved like heile livet, og han vart ein særs dugande amatørfotograf. Fotland lære å fotografere medan han gjekk i skomakarlære i Bergen. Han hadde god kontakt med fotograf Løtvedt som reiste mykje frå Bergen inn i Osterfjorden for å fotografere. Etter at Fotland overtok heimegarden, dreiv han som skomakar og hadde også noko arbeid på Herlandsfossen der han vart fast maskinist frå 1928. Osterøy Museum overtok i 1999 arkivet etter Albert Fotland. Arkivet inneheld ca 600 glasplater, mellom dei kring 220 portrett tekne i dei første krigsåra.

Om portrettbileta
Utstillinga presenterer ei ei lita og konsentrert samling portrett. Desse portretta har hatt ein spesiell funksjon, dei skulle brukast til å identifisere den som vert avbilda - fotografia skulle ikkje settast inn i album som eit minne frå ei spesiell hending. Fotografiet fungerte som bevis på identiteten til personane. Stilt overfor ein tysk soldat var likskap det avgjerande, bilda skulle raskt formidle kven den avbilda personen var. Dei avbilda personane oppsøkt ikkje fotografen for å la seg portrettere, dette er folk som måtte skaffe eit bilde av seg sjølv. Truleg ville dei aldri latt seg avfotografere var det ikkje for påbodet om gjenkjenneleg bilde på legitimasjonskortet. Det gjenspeglar seg i motiva, folk har på seg vanlege klede og bilda har eit kvardagsleg uttrykk.

Image: 
07.12.2011 - 13:59