Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Ei postkortutstilling

22.04.2012 - 22:21
 Ein samlar – og eit kortalbum

Samlaren er ukjend, men korta er frå 1880-åra fram til litt ut på 1900-talet. På den tida vart kort – seinare postkort - ein moderne og populær måte å halda kontakt med familie og vener på. Slike helsingar vart ikkje lagt i ei skuffe, men sette fram så alle fekk sjå - eller i ein album der ein kunne bla. Men berre dei som var teikna og/eller fargelagde fekk plass her.

Så hamna albumet hjå Knut Gudleikson Borge som dreiv antikvariat i Oslo. Niesa, Berta Grytaas frå Osterøy, fekk med seg albumet vestover etter eit besøk, og skal ha takk for at ho deler samlinga med oss alle. Nokre få av hennar eigne kort frå 1905, er også med.

Korta speglar av førestillingar som rådde i tiåra før og etter førre hundreårsskifte, om det nasjonale, det moderne, om folk på landet og om lappar. Det viser også kva som var gode salsvarer. Dei mange svenske korta syner at unionsspørsmålet også fekk sine albumsminne.

Korta er teikna av kjende og mindre kjende teiknarar. Ivar Ulvestad, Norske postkort, 2005 har vore til stor hjelp.

 

Tidsskilje

Somt meir enn anna markerar eit tidsskifte - eit nytt århundre, den moderne tid, unionsoppløysing og nytt, ungt kongepar.

Landskap

Både kyst og innland, skog og vidde, fjord og fjell er mellom landskapsmotiva - somt er dramatisk, somt trollsk, og somt idyllisk.

Jenter og kvinner

Jenter og kvinner er svært ofte festkledde, sjølv i arbeid. Dei ventar - på at mor skal koma heim, eller på ein kjærast. Den lettkledde engelen som speglar seg i tjernet skiljar seg ut.

Jul

Mellom julekorta finn me nissar, julemotiv og juletre. "Glædelig Jul"-helsingar og postkort med påskrivne jule- og nyårsønske på framsida.

Møte

Det er mange slags møte - mellom to eller fleire samla kring felles aktivitet; det tilfeldige og det planlagde.

Utstillinga er komen i stand ved hjelp av Fylkesarkivet, Hordaland fylkeskommune.

Image: