Borge Garveri
Osterøy både er og var kjent for sin småindustri. Dei mange garveria utgjorde ein viktig del av denne industrien. Det var vanleg å garva heime til eige bruk eller som attåtnæring, men etter kvart tok mange steget over til å driva eigne fabrikkar. 1 1939 var det 9 garveriverksemder på øya, Osterøy var som ein garverihovudstad.
Borge Garveri vart grunnlagt i 1889 då Ola Borge den eldre flytta gardsgarveriet inn i nybygde lokale i Kårvik. Sonen, Johannes Borge den eldre, utdanna seg til garvar: kjemiutdanning og deretter læretid i Tyskland kom i tillegg til den «gamle» kunnskapen i det handverket.
Han byrja bruken av krom i garvinga - den første i landet - som langt på veg erstatta den tradisjonelle barkegarvinga, dette korta ned tidsbruken i prosessen mykje og auka kvaliteten. Ola Borge den yngre hadde mellom anna utdanning frå Leathersellers’ Tecnical College i England.
Etter kvart minka talet på garveri på øya medan Borge vaks, til sist var dette det einaste garveriet på Osterøy. Truleg har dette nettopp samanhang med den høge kompetansen i bedrifta og den store vekta som vart lagt på eit godt laboratorium. I 1940 var det 60 tilsette ved bedrifta, i 1990 om lag 90 personar. Bedrifta var altså ein svært viktig arbeidsplass på Osterøy.
I 2010 vart det dessverre slutt for Borge Garveri, og ein stor del av arkivet vart hausten 2012 overført til Osterøy museum. Dette arkivet er no i ferd med å verta grovordna. Her vert det presentert nokre smakebitar frå det rikhaldige arkivet: om firmapresentasjon, kompetanse, personalpolitikk, løner. Men det har og kome inn litt anna materiale i arkivet: ein hadde interesser i politikk, i frivillige lag og organisasjonar, og i garveriorganisasjonar både lokalt og nasjonalt og internasjonalt.
Garveriet deltok ofte på messer for å presentera seg og produkta sine, Parismessene var til dømes årvisse. Her frå 1975.
Det var forventa at (minst) fire mann på garveriet skulle ta seg fram i fagtidsskrift på tysk. Her representert ved «Das Leder» frå 1970. Ein hadde bibliotek med faglitteratur og abonnerte på tidsskrifter både på engelsk og tysk i tillegg til dei skandinaviske tidsskrifta..




Borgefamilien hadde mange interesser utanom bedrifta, her i lokal idrett.










