Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Garveriverksemd i Nordhordland

14.03.2012 - 21:51

Prosjektet "garveriverksemd i Nordhordland" er eit målretta innsamlingsprosjekt med tanke på å bevare, tilgjengeleggjere og formidle arkivmateriale som dokumenterar garveriverksemda i Nordhordland. Det hadde oppstart i 2010. Vi ville i første omgang kartleggje og registrere kva som finst av bedriftsarkiv etter garveriverksemda i Nordhordland. Vi ville også ta imot og ordne arkiv dersom nokon ville avlevere, og gjere utval med tanke på skanning/digitalisering. Prosjektsøknaden finn du her Vi har jobba mest opp mot innsamling og bevaring, med arkivet etter Erik Rundhovde eftf. i Valestrand og Borge Garveri i Kårvika som dei største. Les meir om prosjektet og arbeidet ved Rundhovde her Sjå artikkel frå Bygdanytt i 1995 om garveriindustrien på Valestrand her. Og her kan du lesa meir om Borge Garveri.

 

Garveri på Strilelandet rundt 1950 opplyst av Ola Borge Osterøy: J.O. Borge Markus Halland 1900 Ragnvald Vevle 1920 (1912 i Bergen) Ivar Brakvatne Endre T. Reigstad 1884 Amund Reigstad Nils T. reigstad 1879 Jarle Rundhovde 1902 Edvar Rundhovde Harald Reigstad Pelsberedere: Johannes Tvedt 1937 Nils Lone Bygdegarvare Johannes Revheim Ein på Haus Lindås/Radøy Sellevoll L&K 1873 Wilhelm Tvedt 1870 Fosse Alversund Kromlær Gjervik (Mundal) Isdal. Ole og Alfred 1918 Ole N. Isdal Johs. Tvedt Johannes Isdal 1868 Mons Isdal 1887 Breistein: Harald Breistein Mons Breistein 1870 Johannes Breistein 1925 Bergen/Laksevåg: Th. Kleivdal August E. Michelsen Danielsen Bergen Lærfabrikk Åsheim Lærfabrikk

 

 

Image: