Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Brakakledning

I dag er Osterøy kjerneområde for brakakledning, denne kledningsmåten der ein brukar brakje eller einer som emne til å laga seg vegg mot vèr og vind. Det er særleg dei store stavbygde løene som vart sett opp eller flytta etter utskiftingane som har slik kledning. Men også mange mindre, og kanskje eldre.

Brakakledning vert sett på som gamaldags, funksjonell, vakker og stygg, alt etter som kven du spør, og kva tid du spør. Med utgangspunkt i dei store registreringsarbeida som er gjort i Hordaland - og Noreg – har Osterøy museum arbeidd vidare med tema, og kartlagt mykje godt alle bygg som har og har hatt slik kledning på Osterøy.

Måten ein arbeider på er alltid viktig, og det gjeld også brakakledning. Når informantar vert færre og tradisjonen er i ferd med å verta broten, vil det som regel alltid festa seg inntrykk av rett og gale. Soga om korleis ein tek opp att tradisjonar, er også eit viktig tema. Alle foto av registrerte brakakledde bygningarulturavdelinga i Hordaland vert etter kvart lagt ut av Hordaland fylkeskommune .

Randi Andersen si bok om brakakledde bygningar er tilgjengeleg her og i vår museumsbutikk.

Image: 
23.11.2012 - 22:23