Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Prosjekt

26.02.2012 - 14:00

Osterøy museum har drive med ulike prosjekt gjennom åra. Det gjeld dokumentasjon, formidling eller innsamlingsarbeid. Somme har resultert i rapportar. Av dei som har involvert museet i samarbeid med lokalsamfunnet og lokale aktørar er stadnamninnsamlinga i samarbeid med UiB og Osterøy kommune, dokumentasjon av lags- og organisasjonsarbeidet på Osterøy, Kvardagsspor i landskapet, Veving på oppstadveven i eit Nordatlantiske perspektiv, Brakakledde bygningar i Hordaland og arkivprosjektet Garveri i Nordhordland. Fleire av desse er i arbeid. Etter kvart som rapportar vert ferdige, vert dei lagt på heimesidene. I mens kan dei bestillast osteroymuseum@muho.no.