Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Trolldom

16.08.2012 - 14:07

Trolldom på Osterøy museum

Trolldom er ein spanande musikal med dramatikk og humor. Stykket byggjer på sanne hendingar frå året 1769. Dette året kom Ole Kleiven til Osterøy. I løpet av få månader klarte han å setja øya på hovudet. Med solid karisma og magiske beinrestar overtydde han einfaldige bønder om at trolldom var grunnen til sjukdom og ulukker som ramma dei. På tunet på Gjerstad sår han splid mellom gode naboar og ser til og med ut til å øydeleggja gryande kjærleik.

Men dei yngste trår til med gode idear, og alt ender bra. Tor Halvor Halvorsen har rolla som den noko einfaldige bonden Gunnar.

Trolldom på Osterøy museum

Manus og musikk er ved Lars Sveinung Lid og instruktør er Kate Elin Lid. Nypremiere fredag 7. september 2009 kl 21, laurdag 8. september 2009 kl 16 og 21, og sundag 9. september 2009 kl 16. Vaksne kr. 200,- born 25,-. Billett ved inngangen

Image: