Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Kurs i oppstadvev, handtein og spinning og sprang

12.09.2011 - 10:57

Osterøy museum 26. september - 1. oktober.

Nordatlantiske handverkstradisjonar har som mål å halde oppe og vekkja til liv gamle handverkstradisjonar som har vore felles for det nordatlantiske området, gjennom praktisk forsking og utprøving.

I 2011 går desse 3 kursa:

OPPSTADVEV
26. september -1. oktober, 5 dagar, kr 3 500. Maks 10 deltakarar (to på kvar vev). Kurset omfattar alt frå å setja opp veven til å avslutta han. I løpet av ei veke vil deltakarane veva kvart sitt vesle stykke.

I år kan ein velja mellom to måtar å veva på:

-islandsk fell lærar Elisabeth Johnston, Shetland og Hildur Hakonardottir Island. Dette er rekonstruksjon av eit gamal islandsk produkt, som liknar litt på vår båtrye.

-vestlandsåkle lærar Marta Kløve Juuhl. Her vil ein læra dei mest vanlege mønstra.

HANDTEIN OG SPINNING
30.september-1. oktober, 2 dagar, kr 1300. Maks 8 deltakarar. Todelt kurs der ein får laga handtein på svarvarstol eller dreiebenk, og å spinna på handtein. Lærarar: Morten Kutschera og Elisabeth Johnston.

SPRANG
30. september-1. oktober, 2 dagar, kr. 1 300. Maks 8 deltakarar. Lærar Bjørg Njå.

Arbeidsreiskap og materiale er inkludert i prisane. Kurstida er frå 9-16 med høve til å arbeida på eiga hand frå klokka 08.00.

Det vert høve til å få kaffi/te og enkel lunsj på museet til tilnærma kostpris.

Påmelding innan 1. september:
osteroymuseum@muho.no

Tlf.: 56193440

              English version

Nokre eksterne lenkjer:
Om sprang: http://en.wikipedia.org/wiki/Sprang
Oppstadvev: http://en.wikipedia.org/wiki/Warp-weighted_loom
Handtein: http://nn.wikipedia.org/wiki/Handtein