Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Stadnamn

06.05.2011 - 09:31

”Her er eg, og eg veit akkurat kor eg er!” Kven kan seie det i dag? Stadnamna er tallause og innhaldsrike, og fortel lokal natur- og kulturhistorie langt bakover i tid. Og så fortel dei om språket vårt! Etterkvart som landet vart teke i bruk, namnsette folk store og små område - etter bruk, lende eller skapnad. I tunet, på veg til sjøen eller på stølsveg trongst orienteringspunkt. Der me brukar GPS, gav formødrer like nøyaktig stadfesting ved å bruka stadnamn.

Når landskap går ut av bruk og gror att, vert namna gløymde. Dei høyrer til den ikkje-materielle kulturarven vår, den som lever i minna våre. Å samla inn stadnamn er derfor eit viktig kulturarbeid som har gått for seg i mange år, og alltid ved hjelp av frivillige og dei lokale kunnskapsberarane. Namn, skrivemåte, uttale og kartfesting er basisopplysningar, men det vert også lagt vekt på opplysningar eller forteljingar knytt til nettopp denne plassen. 

På Osterøy har stadnamnarbeidet skjedd over tid, og på ulik måte. Dei siste innsamlingane har Osterøy museum hatt ansvaret for. Stadnamnarbeidet er i samarbeid med frivillige, Universitetet i Bergen, Osterøy kommune og Hordaland fylkeskommune, og er ein del av Kvardagsspor i landskapet. Ta kontakt med oss om du har spørsmål.

Stadnamnkart for Osterøy

Image: