Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Praktisk museumsarbeid - spennande!

05.05.2011 - 15:27

Sjauedag i 2011

I 2011 jobba me full tid med samlingane våre. Kring fire månadsverk alt i mai. Eitt viktig mål var å rydda i løa. I tillegg leverte me tre sendingar til Fellesmagasinet i Salhus. Dugnad gjer slike krafttak mogleg. Mykje er kome i magasin, og så fann me nokre spennande montrar!

Mellombelse løysingar

Osterøy museum har vorte heile 90 år og har lagt seg opp store samlingar. Det nye magasinet har derimot berre stått i 10 år. Derfor har gåver til museet opp gjennom åra fått mellombels plass i løa. Gjerstadløa er stor, gamal og fin. Her har vore lagra både hus og gjenstandar. Bryggesåer og kiper har stått relativt luftig og godt høgt oppe på betane. Men det var ingen god stad å verta verande på i lengda. Og løa vart full. Samlingsforvaltingsgruppa ved Museumssenteret prioriterte løeryddinga som eitt felles tiltak i 2011.

Gjennom tre månader har me:

  • Flytta og bore ting frå løa ned i mottak
  • Reingjort med støvsugar, kvost og klut
  • Frose for å drepa smått levande
  • Sortert registrert og uregistrert
  • Sjekka registreringane – gode nok eller?
  • Sett gjenstandar på plass i hovudmagasin
  • Auka magasinkapasiteten ved nye hyller og komprimert pakking

Og montrane? Ja dei kjem frå truleg frå Bergens museum

Litt bivoks gjev ekstra blank overflate

For fleire bilete sjå våre album på Facebook: Sjauedag på Osterøy museum og Vandreseminar på Osterøy museum.

Image: