Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Gjenstandar

28.09.2010 - 12:08

Museet har ei samling på vel 12.000 gjenstandar; innbu, tekstilar og reiskapar knytt til landbruk, handverk, husflid og småindustri. I 1996 mottok Osterøy museum ei verdfull samling med vogner og utstyr for hest frå ein lokal samlar, Mons Jacobsen. Delar av samlinga vert utstilt i det nye museumsbygget, som også rommar magasin, kontor og verkstad.