Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Arkiv

06.12.2010 - 15:13

 

 

Dei første boksane vert sette på plass vinteren 2001.

Osterøy museum har eit rikt lokalhistorisk arkiv med både kommunearkiv og privatarkiv. Arkiva etter kommunane Hamre, Haus (skulearkiv) og Hosanger fram til kommunesamanslåinga finst her. Privatarkiva inneheld mellom anna bedrifts-, organisasjons- og gardsarkiv. Museet ser det som viktig at arkiva til lokale bedrifter vert tekne vare på.
 
Osterøy museum har eit moderne arkivlokale med plass til om lag 600 hyllemeter. Vi har teke i bruk arkivinformasjonssystemet ASTA, og etter kvart som arkiva våre vert registerte og tilgjengelege, finn du dei på arkivportalen. Eit enkelt oversyn over kva vi har av privatarkiv finn du her.
 

Nokre nyttige lenkjer:
Arkivkatalog for Bruvik kommune
Arkivkatalog for Hamre kommune
Arkivkatalog for Hosanger kommune
Informasjon om arkiva etter Haus kommune finn du hjå Bergen byarkiv.
Møtebøkene er digitalisert. Dei finn du her

 

Image: