Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Anlegg

28.09.2010 - 12:07

Øvsthusstova

Byggjeskikken på Strilelandet er godt representert, med røykstover og lemstover, loft, eldhus murt i stein og grindbygd løe. Til samlinga høyrer også anlegg på rot; museet eig to kvernhus som står på opphavleg plass. Det mangfaldige næringslivet på Osterøy er representert med to garveribygningar: Barkhuset på Brakvatne og Garverimuseet på Valestrand, og to smier: Gjerstad Låsfabrikk frå 1880-åra og Mjedlasmia i Mjeldalen - ei bygdesmie frå 1917.

 

Gjerstad Låsfabrikk - Bløddalssmia Smia

 
Gjerstad Låsfabrikk - Bløddalssmia Smia vart bygd i 1887 av Anders Jenssen Gjerstad. Ho var ein av dei første smiene av fabrikk-typen. Dei smidde låsar, vesentleg trekklåsar, og leverte til Wallendahl i Bergen. Smia ligg attmed elva og er i to høgder. Første høgda, der dei smidde, er murt. Maskinar og belg vart drivne av vasshjul. Det var bytta vasshjul i alle fall ein gong før dei fekk motor. Frå akslingen på vasshjulet gjekk det drev til ein stor slipestein, æsa og ein boremaskin som sto i andre høgda der låsane vart monterte. Saman med boremaskinen står ei handdriven presse. På det meste arbeidde det 6-7 mann i smia. Smia var i drift til ut på 1950-talet, og står om lag slik ho var den siste arbeidsdagen.
 

Barkhuset på Brakvatne

 
Barkhuset er eit gardsgarveri og den eldste bevarte garveribygningen på Osterøy. Huset er truleg frå første helvta av 1800-talet og syner den tradisjonelle førindustrielle garvarverksemda.
Første høgda er mura, andre høgda er grindbygg med brakekledning. Barkhuset ligg tett ved vatnet, og kara som vart brukte låg dels ute, dels inne i første høgda.
Kar til kalking, pyr og barking var helst nedgravne tønner, og mykje av det som var har vorte borte med tida. I det luftige rommet i andre høgda vart huder og skinn hengde til tørk. Det er ikkje omvising i huset, bortsett frå for særleg interesserte.
Image: