Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Om museet

28.09.2010 - 11:55

Osterøy museum vart skipa i 1920. Det består av ei samling antikvariske bygningar og gjenstandar frå Osterøy og bygdene rundt.
Den lokale byggjeskikken er godt representert med røykstover, lemstover, eldhus og grindbygd løe. Den omfattande gjenstandsamlinga inneheld innbu, tekstilar og reiskap knytt til landbruk, handverk og småindustri.
Museet har også ei verdfull samling med vogner og utstyr for hest. Delar av samlinga er utstilt i det nye museumsbygget.
Museet eig fleire anlegg som står på sine opphavlege plassar, til dømes, to garveri, Barkhuset på Brakvatne og Garverimuseet på Valestrand, og to smier, Gjerstad Låsfabrikk og Mjedlasmia i Mjeldalen.

Kommunearkiv og lokalhistoriske arkiv utgjer ein viktig del av museet.

Image: 
Osterøy museum