Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Dei reisande

22.05.2013 - 20:09

P1030890

 

Dei reisande er kjend under fleire namn, til dømes tater, romani, fant, splint, rakkar eller nattmann. Det som primært kjenneteiknar dette folket er deira livsform som reisande. Reisinga har både vore viktig for den økonomiske tilpassinga og ein grunnleggjande del av deira identitet.

Det finst mange teoriar kring opphavet til dei reisande. Medan språket deira fortel om eit opphav i India, så tyder ulike sosiale kjensgjerningar gjennom meir enn 500 år på ein blanda bakgrunn.

Utstillinga byggjer på kultursamlinga etter Olav R. Tjore (1930-1998), som i dag vert forvalta av Osterøy museum. Tekstbidrag er innlånt frå Glomdalsmuséet på Elverum.

Samlinga omfattar i hovudsak handverks- og kunstarbeid. Men dei reisande i Noreg har og rike tradisjonar i musikk, song, språk, forteljekunst og liknande. Målet med utstillinga er å auke interessa for desse kulturtradisjonane og sikra at materialet vert teke vare på for ettertida.

2013.om_utstilling_reisande

 

 

P1030893

 


Image: