Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Shades of sensibilities

07.07.2011 - 10:11

Utstilling med Margrethe Kolstad Brekke, Corrina Thornton og Anna Christina Lorenzen. I sine eigne kunstnarskap jobbar kunstnarane innan svært ulike material og uttrykk, men i denne utstillinga er dei spesielt interesserte i å danna ein heilskap der dei enkelte arbeida fungerar som nyansar, sjatteringar i det ”store biletet”.
Staden i seg sjølv, Solbjørgstova frå 1600-tallet, er eit bevisst valt element i utstillinga. Arbeida er plassert i rommet på måtar som får omgjevnadene sine særeigenheiter og særtrekk til å synast og bli delaktig i heilheitsuttrykket att. På denne måten står kunstnarane ikkje berre i dialog med kvarandre sine arbeid, men og med staden og staden sin historiske dimensjon.

Image: