Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Folkekunst

07.07.2011 - 09:45

Utstillinga på Osterøy museum i år heiter FOLKEKUNST. Ein enkel måte å beskriva folkekunst på, er at det er kunst laga av og for folk. Den skil seg frå kunst laga av profesjonelle. Folkekunst vert ofte knytt til livet på bygdene før industrialiseringa; den tid folk laga det dei brukte heime eller i bygda. Folkekunsten viser gleda ved å dekorera ein reiskap etter at det har fått ei god og tenleg form!

Til grunn for utstillinga ligg gjenstandssamlinga som Olav R. Tjore tok initiativet til. Han er mest kjent for Tjorehagen på Radøy. Delar av samlingane vart vist med i den store utstillinga ”Brædne da i bydn?” – Snikkar og tømrartradisjonar i Nordhordland - som Hordamuseet laga.
I utstillinga Folkekunst er det lagt vekt på å vise kva handverkarane kunne produsera – og då ikkje berre snikkarane sine produkt, men heile breidda i bygdekulturen sine kunstnarlege uttrykk. Det utstilte materiale spenner frå kvardagslege barneskeier til prydgjenstandar av stor verde. Felles for alle er evna til og gleda over god form og ideell bruk av materiale. Gjenstandane er i hovudsak frå Nordhordland.

Utstillinga vart opna av Jon Eikemo i samband med Liv i gamle stover 29. mai. Den vert ståande til 03. oktober.