Osterøy museum

Osterøy museum ligg vakkert til på ein sandbanke på Gjerstad. Saman med  gamle og nyare hus i eit spennande tun, viser det levemåten på bygdene nord for Bergen. Sjå utstillingane våre knytt til fjordkulturen, og med særleg vekt på lokalt handverk, småindustri, bruk av brakje og tekstilar. Vi har også eit innhaldsrikt lokalhistorisk arkiv. Ta deg også tid til ei vandring i gardslandskapet, mellom førhistoriske graver og notidas jordbruksland. Sundagar har vi kafé med spesialiteten stompekaker.

Siste nytt

22.02.2012

Skulefri !!!!

Tysdag 28. februar inviterer me store og små barn på museum. Me planlegg mykje kjekt og spennande å gjera midt i skuleferien og midt på dagen. Ikkje alle ting er klåre enno, men det skal verte noko gamalt –  og noko heilt nytt. Den som kjem får sjå.. Eitt står alltid fast her hjå oss [...]

21.02.2012

Osterøy museum er stengt 23. februar

Torsdag har me fellesmøte med tilsette i Museumssenteret. Men me er attende til storkonserten sundag 26 februar kl 17.00. VELKOMNE DÅ!

24.01.2012

Five Men in a Boat 26.02 kl 17.00

Ettermiddagskonsert med Five Men in a Boat. Når fem markante folkemusikarar frå tre ulike land mønstra på same båt med kvar si røyst og fleire instrument, vert det bøljer! Frode Nyvold, Gabriel Fliflet, Emmanuel Pariselle og Didier Oliver og Richard Burgess formidlar maritime songskattar, og det viser seg at det er nok å ausa av. [...]

24.01.2012

Handarbeidstreff med hardangersaum 1. februar

Spennande tema på handarbeidstreffet 1. februar: Det internasjonale i det lokale – er hardangersaumen norsk, italiensk eller kypriotisk?
Ved Solveig Jordal, Kulturverntenesta i Nordhordland/ Museumssenteret i Hordaland
Elles vert det som vanleg mykje godt handarbeid, song og preik. Og kanskje ei suppe.
Velkomne alle, me startar klokka 12!

Adresse

  • Osterøy museum
  • Gjerstad
  • 5282 Lonevåg
not
Sjå større kart

Kontakt

Opningstider:

  • Tysdag – fredag: kl. 10-15
  • Sommaren 2011:
  • Tysdag – fredag: kl. 10-15, i juli: 10-17
  • Sundag (frå juni – september): kl. 12-17.
  • Elles etter avtale

Prisar (omvising inkl.):

  • Vaksne kr. 50,-
  • Pensjonistar og studentar kr. 30,-
  • Born gratis
  • Grupper kr. 30,- pr. person
  • Studentar og skuleklassar gratis
  • Stompekake og kaffi kr 50,- pr. person i gruppe (førehandstinging)