Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Velkommen til skulefri på Osterøy museum 2018

Publisert den 22.06.2018 - 14:29

Siste onsdag i juni (27.06) og kvar onsdag i juli blir det aktivitetar for born på Osterøy museum frå kl. 11.00 til kl. 14.00. Under kan du sjå programmet for sumaren 2018. Born i alle aldrar er velkomne, små born som treng tilsyn bør ha følgje av vaksne.

Vaksne kr 60,- born under 16 gratis.

Program for skulefri:

27/6: Vi spikker og kokar spikersuppe.

4/7 : Vi farger garn med planter og bakar stompekakar.

11/7: Leiker frå gamledagar og baking av rugkjeks.

18/7: Vi tover ull og bakar lappar.

22.06.2018 - 14:29